Historiske arkiv og digital innsynsløysing

Framside/Portefølje/Historisk arkiv og digital innsynsløysing/ Mandat historisk arkiv og digital innsynsløysing


Status

Prosjektet for arkiv og digitale innsynsløysingar er i oppstartsfasa, og har innleia dialog med aktuelle arkivinstitusjonar for å avklare rollar, samarbeidsform, og for å utarbeida ein felles målsetjing. I tillegg til etablert prosjektgruppe, etablerast no ei arbeidsgruppe med deltakarar på tvers av alle samarbeidspartane med mål om å jobba vidare med innsiktsarbeid og for å planleggje pilotering av løysing når denne er utvikla og klar for testing.

Prosjektet skal vidare utarbeide en felles strategi, og plan for etablering av digitale innsynsløsninger for kommunar og innbyggjarar i Vestland fylke.

For å sikre involvering og optimal bruk av ressursar har prosjektet hatt fleire workshoper med relevante arkivinstitusjonar som Arkivverket, Fylkesarkivet, IKHA, og Bergen byarkiv.

Digi Vestland er slik blitt kjent med at Digitalarkivet har fått statleg tilskot for å utvikla og teste ut innsynsløysingar som inkluderer kommunane.

Organisering

Det er etablert ei prosjektgruppe som består av representantar frå Digivestland, Digi Nordhordland, IKT Nordfjord, SYSIKT, Øygarden kommune, Arkivverket, IKHA, og Fylkesarkivet. Bergen byarkiv har i tillegg meldt seg som observatør i samarbeidet.

Det etablerast no ei arbeidsgruppe som i fyrste omgang skal bidra til auka innsikt slik at mandat og gevinstar kan "scopes" og spissast ytterlegere, før ein utviklar ei løysing som kan piloteras i eit utval av kommunar.