KS Min side - påkobling av medlemskommunar

Portefølje --> KS Min side - påkobling av medlemskommunar

KS Min side - påkobling av medlemskommunar

Bakgrunn

KS Min side er ein sikker personleg portal der innbyggarar får tilgang til relevante digitale tenester fra alle kommunane dei har eit forhold til. Løysninga er eit viktig verkemiddel for å sette fart på digitaliseringa i kommunane gjennom å tilby brukarorientert digital dialog og sjølvbetening. Portalen legg til rette for at vi raskare og rimelegare kan utvikle og rulle ut nye tenester til innbyggarar og næringsliv.


Fram til hausten 2021 har det imidlertid vore få kommunar i Digi Vestland-samarbeidet som har tatt i bruk KS Min side. Styringsgruppa i Digi Vestland mener at dette kan føre til avgrensa bruk av eksisterande felleskomponenter og mogelegheiter for videre utvikling av nye digitale tenester. Som eit tiltak for å få fleire kommunar til å ta i bruk løysninga beslutta styringsgruppa å starte eit felles regionalt arbeid for påkobling til KS Min side. Kostnad for påkobling til løysinga blir dekka gjennom kommunane si grunnfinansiering av Digi Vestland.


Aktivitetar

25. oktober ble det gjennomført informasjonsmøte med kommunane. Tema var kva KS Min side er, kva tenester som er på Fiks-plattforma, plan for påkobling av kommunane, kva det blir krevd av den enkelte kommune og plan for det videre arbeidet med verdiøkning av løysninga. Etter møtet har kommunane blitt tilbudt hjelp og støtte i påkobling til KS Min side. Sekretariatet i Digi Vestland koordinerer arbeidet, men får bistand fra prosjekt- og fagressursar innan personvern og informasjonssikkerheit. Arbeidet inneber signering av avtalar, ROS og DPIA, samt aktivering av KS Min Side i kommunane:



Status desember 2021

Sekretariatet har hatt som mål at flest mogeleg kommuner i samarbeidet skal vere kobla opp til Ks Min side innan utgongen av 2021. Signering av avtalar i kommunane har tatt lengre tid enn forventa. I tillegg må arbeid med ROS og DPIA gjennomførast på ei god måte før aktivering av løysninga kan skje. Nokre kommunar har også meldt tilbake at dei først vil vere klare til å signere og gjennomføre DPIA i januar 2022.. Tilbud om støtte vil difor bli videreført i 2022.






Neste steg

Tiltaket vil danne grunnlaget for gjennomføring av prosjektet Digitale innbyggartenester, som har som mål å bistå kommunane i samarbeidet med å ta i bruk fellesløysingar og -komponenter, i første omgang  tenester på Fiks-plattforma. Prosjektet skal støtte kommunane i å utnytte potensialet i KS Min side gjennom å ta i bruk fellesløysingar og koble opp informasjonssystemer med relevante data. Ved å ta i bruk fellesløysingar vil vi i stor grad kunne standardisere datadeling og gjenbruk av data. Dette vil danne eit godt grunnlag for vidare utvikling av nye og betre innbyggartenester.


Kontakt

Simen Soltvedt

Tiltakskoordinator

Tlf: 97 14 17 07

E-post: simen.soltvedt@bergen.kommune.no