Nasjonale fellesløysingar

Nasjonale Fellesløysingar

Erfaringsdeling og samordna innføring av nasjonale fellesløysingar, forenklar mottak og reduserar tid og prosjektkostnadar for den einskilde kommune. Digi Vestland har tilsett ein koordinator for nasjonale fellesløysingar som bidreg til gode og effektive prosessar, og som bistår medlems kommunane.


Saman med strategiske gruppe for nasjonale fellesløysingar (representert ved Askøy, IKT Nordfjord og Voss), jobbar koordinator no fram ein meny som skal være klar før summaren, og som gjer ein oversikt over prioriterte, felles innføringsløp og aktivitetar kommunane kan velge å henga seg på utover hausten og våren. Menyen vil utviklas undervegs og man må ha rom for å putta inn relevante komande aktivitetar frå nasjonalt nivå, eller som svar på behov frå kommunane.


Sentralt i arbeidet med utbreiing av nasjonale fellesløysingar, er gruppa av operative kontaktpunkt som representerar alle kommunane/ /kommunesamarbeid i Digi Vestland. Gruppa består av omtrent 20 personar som har ein god, og progredierande forståing av bredden av aktiviteten i Digi Vestland. Desse kan effektivt snu seg til relevante ressursar i eigen organisasjon for å få informasjon, og vil motsatt og melda inn behov og utfordringar til sekretariatet i Digi Vestland. Slik kan man ha ein praksisnær dialog både gjennom regelmessige møtar, og i generell eller «øremerka» informasjonsutveksling.