Regionalt folkeregisterprosjekt

Regionalt folkeregisterprosjekt

Bakgrunn

Frå 1. januar 2022 må alle kommunar ta i bruk det moderniserte folkeregisteret (FREG). Med moderniseringa av folkeregisteret tilbyr Skatteetaten alle aktørar å hente folkeregisteropplysningar direkte frå folkeregisteret.

Skatteetaten oppfordrar brukarar med like behov til å samordne seg og la sin verksemd bli representert av ein felles tredjepart i dialogen med folkeregisteret. Eit slikt samarbeid og representasjon refererast til som eit segmentsamarbeid. For modernisert folkeregister har kommunesektoren utpekt kommunesektoren sin organisasjon (KS) som segmentansvarleg for kommunane.

Gjennom Fiks folkeregister vil KS tilby kommunesektoren folkeregisteropplysningar for alle tenesteområde utanom helsetenesta. Helsetenesta får tilgang til folkeregisteret via Persontenesta til Norsk Helsenett (NHN). Prosjektet vil òg ta stilling til Persontenesta frå NHN, samt berikelse frå andre kjelder.

Prosjektet sitt mål

Gjennom prosjektet Regionalt folkeregisterprosjekt inviterast kommunane i Digi Vestland til eit samarbeid om overgangen frå Det Sentrale Folkeregisteret (DSF) til det moderniserte folkeregisteret (FREG). Overgangen til FREG kan vere krevjande og her vil eit samarbeid kunne vere til hjelp for kommunane. Kommunane må sjølv leie sine eigne interne prosjekt, mens det regionale prosjektet vil fungere som prosessleiar, koordinator og tilretteleggjar for deltakande kommunar. Hensikta er å bistå kvarandre i både planlegging, gjennomføring og erfaringsutveksling i overgangen frå DSF til FREG.


Dokument

Rettleiar for tilgangsstyring mot Fiks folkeregister

Status desember 2021

Rettleiar for tilgangsstyring KS fiks folkeregister

Digi Vestland regionalt folkeregisterprosjekt har utarbeida ein rettleiar for tilgangsstyring mot KS Fiks Folkeregister. Rettleiaren er ei anbefaling frå samarbeidskommunane for kva rollar som etablerast, og korleis tilgangsprosessen bør organiserast og dokumenterast. Prosessen må tilpassast kommunane sine eigne retningsliner for tilgangsstyring. Saman med rettleiaren tilgjengeleggjerast òg kjeldekode for ei skjemaløysing i ACOS Interact (ikkje enda ferdig) (ref. vedlegg A), og eit skjema for kartlegging av roller og kven som skal ha roller (ref. vedlegg B)

Kontakt

Johanna Alme

Prosjektleiar

Tlf: 91323455

E-post: johanna.alme@bergen.kommune.no

Prosjektets andre fase består av Bjørnafjorden, Bergen, Sogndal, Årdal, Sunnfjord, SySIKT og IKT Nordfjord.

Prosjektgruppa i fase 1 besto av representantar frå Bjørnafjorden kommune, Høyanger kommune, Sogndal kommune, Stad kommune, Stryn kommune, Sunnfjord kommune, Ullensvang kommune, Årdal kommune, IKT Nordfjord og SySIKT.