Nasjonale aktivitetar vi følger med på

Løysingar og aktivitetar som vi overvåker og som er under teknisk/begrenset utprøving/behov til vurdering. Listen er ikkje uttømmande.

KS' digitaliseringsportefølje, for tredje kvartal 2025 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Tjenesteplattform

Ei felles digital plattform for kommunal sektor som skal gjere det enklare, tryggare og meir effektivt å utvikle og dele digitale tenester. Plattformen består av komponentar som applikasjonsplattform, dataplattform, Allmenningen og Fiks-plattformen.

Les mer om prosjektet "Felles tjenesteplattform i kommunal sektor". Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Allmenningen

Allmenningen i KS Digital skal vere ein møteplass der kommunar og fylkeskommunar får støtte i digitaliseringsarbeidet. Her finn ein verktøy, oversikter og ressursar, og ein kan dele innhald, applikasjonar og kunnskap. Prosjektet utforskar kva den første versjonen skal innehalde, og korleis roller og ansvar skal fordelast. Målet er å gjere deling enkelt og styrkje samarbeid om digitale løysingar.

 

Datadelingsplattform

Ei løysing som gjer det mogleg for kommunar å samle, dele og bruke data på ein trygg og standardisert måte. Målet er å støtte datadrivne tenester, betre avgjersler og bruk av kunstig intelligens.

FINT for alle

FINT er ein standardisert informasjonsmodell med opne API-ar, utvikla for fylkeskommunane og drifta av Novari IKS. Prosjektet FINT for alle vurderer korleis FINT-modellen kan brukast i heile kommunal sektor for å standardisere og effektivisere datadeling. Arbeidet skjer i samarbeid med Novari IKS og kommunar. Målet er betre informasjonsflyt og felles krav til leverandørar, slik at digitale løysingar blir enklare å ta i bruk.

Digitale læringsmidler

Ein betalingsmodell der kommunar og fylkeskommunar betaler for faktisk bruk av digitale læremiddel. Dette gir lærarar og elevar større fridom til å velje ressursar.

Les meir om prosjektet på KS Digital sin nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Rammeverk for trygg digitalisering

KS sitt Rammeverk for trygg digitalisering (RTD) hjelper kommunar å digitalisere på ein sikker og effektiv måte. Rammeverket gir tydelege krav og rettleiing for å ta vare på informasjonssikkerheit og personvern. Det kan brukast både ved innkjøp og i drift av digitale tenester. RTD gir leiinga betre oversikt og kontroll over digitale risikoar. Målet er å gjere digitalisering enklare og tryggare for heile kommunesektoren. Metodeverket blir ferdigstilt og publisert våren 2026. KS Digital er planlagt å få ansvaret for å realisere metodeverket som eit verktøy, både for allmenta og for applikasjonsplattforma.

Prosjektet er finansiert gjennom St.prop. 78 S.

Digital innbyggernøkkel

Ei felles løysing som gir innbyggjarar enkel tilgang til kommunale bygg og tenester – som å opne dører, slå på lys og bruke tenester utanom opningstid – direkte frå mobilen.

KS hjelpemiddel

Nasjonal digital løsning for lagerstyring og logistikk innen kommunal hjelpemiddelformidling – basert på systemet Påkobla hjelpemiddel fra Kristiansund kommune, og med mål om trygg og effektiv håndtering av hjelpemidler fra behov oppstår til det opphører.

KS Hjelpemiddel Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Økosystem oppvekst, inkl. vurdering av fagsystem

Prosjektet omfattar søknad om medfinansiering for eit felles løft: å utvikle samanhengande tenester for barn og unge. Det inneber også vurdering av digitale fagsystem som kan støtte dette arbeidet.

Digital løsning for tilskuddsforvaltning

Ei digital teneste som samlar ulike tilskotsordningar på éin stad. Målet er å gjere det enklare og meir effektivt for kommunar, fylkeskommunar og stat å søkje, forvalte og følgje opp tilskot. Løysinga skal bidra til betre ressursbruk, meir openheit og støtte for automatisering og kunstig intelligens.

Les meir om prosjektet "Felles digital tilskuddsforvaltning" på nettsida til KS Digital. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sosial system- vurdere nasjonal anskaffelse

KommIT-rådet tilrår at KS legg til grunn at kommunane ønskjer ei felles tilnærming for å sikre betre digital støtte til sosiale tenester.

KI-pilot for trygg saksbehandling

Kommunal sektor har store moglegheiter med kunstig intelligens (KI), men mange er usikre på korleis det kan brukast forsvarleg. Prosjektet skal kartleggje investeringar og finansiering, og etablere struktur for erfaringsdeling og samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar.

KS Bibliotek

KS Digital arbeider med å utvikle KS Bibliotek – ei felles digital teneste for folkebibliotek og vidaregåande skular. Målet er å sikre eit likt og effektivt bibliotektilbod over heile landet, med felles innkjøp, statistikk og mediehåndtering.

Les mer om KS Bibliotek her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Felles formidlingsløsning

KS Digital utviklar ei felles digital formidlingsløysing for norske bibliotek, som skal erstatte dagens nettsider og grensesnitt frå biblioteksystemleverandørar. Løysinga skal vere basert på open API-teknologi og integrerast med eksisterande system, og vil inkludere både nettsider og app. Målet er å styrke samarbeid, effektivitet og synlegheit, og å gjere biblioteka meir tilgjengelege for brukarane. Prosjektet skjer i samarbeid med Nasjonalbiblioteket og KS, og er i tett dialog med biblioteksektoren. Det er planlagt fleire møte og konferansar framover for å informere og involvere biblioteka.

Les mer om utviklingsprosjektet på KS Digital sin nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Støttetjeneste for oppvekstsektoren

Utdanningsdirektoratet (Udir) har fått i oppdrag å etablera støtteteneste for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming i digitale læremiddel, digitale læringsressursar og plattformer i skolen og barnehagen. Dette skal skje i samarbeid med SIKT og KS.

Støttetenesta skal bidra til at barnehage- og skoleeigarar lettare kan sikra at elevars personopplysingar blir behandla i tråd med personvernregelverket, og ikkje hamnar på avvegar og blir brukt kommersielt til profilering og målretta reklame.

Les meir i oppdragsbrevet frå Kommunal og distriktsdepartementet (KDD) pdf, 86.4 kB, åpnes i nytt vindu.

Drømmeplan inkl. planslurpen

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har utvikla digitale løysingar som gjer reguleringsplanar lettare å forstå for innbyggjarar. Innbyggjarar kan søkje opp adressa si og få tilpassa informasjon om gjeldande reguleringsreglar, med enkle forklaringar og visuelle hjelpemiddel.

Planslurpen er eit KI-basert verktøy frå DiBK som hentar ut nøkkelinformasjon frå reguleringsplanar – som byggehøgd og utnyttingsgrad – og gjer dette tilgjengeleg som strukturerte data. Verktøyet gjer byggesaksprosessen enklare for både innbyggjarar og utbyggjarar.

DiBK: KI-verktøy gir nye muligheter i planlegging Lenke til et annet nettsted.

Nasjonal tilgang til plandata

Konseptutgreiing som vurderer løysingar for å gi aktørar tilgang til plandata på tvers av kommunale planregister. Prosjektet har fått innvilga midlar, og arbeidet er starta. Saka blir behandla i KommIT 27. november.

Digitalisering av konsesjonsavklaring

Digital infrastruktur for effektiv konsesjonsprosess. Prosjektet skal effektivisere og standardisere konsesjonsprosessen ved å etablere ein digital infrastruktur som koplar nasjonale register, meglarsystem og kommunale fagsystem. Dette gir raskare og meir føreseieleg behandling, betre informasjonsflyt og gjenbruk av data.
Prosjektet er i oppstartsfasen og samarbeider tett med Ldir for å tydeleggjere leveransar.

Gebyrkalkulator

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har utvikla ein gebyrkalkulator Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. som gjer det mogleg for brukarar å rekne ut gebyr basert på tiltakstype, bygningstype og bruksareal (BRA). Verktøyet skal gjere det enklare for både innbyggjarar og kommunar å estimere gebyr i byggjesaker.

Skjenkebevilling

Helsedirektoratet vurderer korleis ein kan forenkle saksbehandling og oppfølging av bevillingar etter alkohollova, serveringslova og særavgiftsforskrifta. Målet er å gjere prosessen enklare for søkjarar, saksbehandlarar, importørar og produsentar.

Felles journalløft- utprøving av informasjonsdelingstjenester

Prosjektet utviklar digitale tenester for deling av informasjon mellom journalsystem som ikkje er integrerte. Først internt i kommunar, med mål om å etablere nasjonale løysingar. Tenesta blir utvikla i samarbeid med NHN og byggjer på den nasjonale samhandlingsplattformen.

Veikart for digitale innbyggertjenester

KS Digital og nettverk som DigiAgder og DigiInnlandet utviklar eit veikart for å samle og prioritere digitale tenester for innbyggjarar. Målet er å gå frå lokale løysingar til nasjonale fellestenester med høgare kvalitet og effektivitet.

KS Digital: Veikart for digitale innbyggertjenester Lenke til et annet nettsted.

DPIA for Microsoft 365

KS har starta arbeidet med ein nasjonal DPIA (personvernvurdering) for bruk av Microsoft 365 i kommunal sektor, med særleg fokus på skulen.

Les mer om prosjektet her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Felles leverandørdialog – e-helse

KS foreslår ein felles modell for dialog med leverandørar innan e-helse. KS skal vere eigar, KS Digital operativ aktør, og Fag- og prioriteringsutvalet for e-helse styringsgruppe. Målet er å styrke kravstillinga til EPJ-leverandørar og sikre raskare utvikling av funksjonalitet. Det skal også bli mogleg for tredjepart å bestille funksjonalitet på vegner av kommunar, dersom finansiering er avklart.

Fiks autorisasjon

Ein del av FIKS-plattformen som gir kommunar og fylkeskommunar trygg og fleksibel tilgangsstyring til digitale tenester. Løysinga støttar både administrert og integrert brukarstyring, og gjer det enklare å handtere roller og tilgangar på tvers av system og organisasjonar.

Pasientens journaldokumenter i kjernejournal

KS foreslår at kommunane skal kunne dele journaldokument med helsepersonell via Norsk helsenett og KS Digital. Det skal gjennomførast eit forprosjekt i 2026 for å avklare tekniske, juridiske og økonomiske forhold. KS meiner staten bør finansiere kostnadene. Målet er å etablere ei felles løysing som alle kommunar kan bruke. Arbeidet skal sikre trygg og relevant deling av helseopplysningar.

Les meir i KommIT-rådsak 24/25 - Pasientens journaldokumenter – innretning til det videre arbeidet med kommune som kilde Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Pasientens måledata

Ei digital teneste under utvikling som skal samle og gjere medisinske måledata – som puls, blodtrykk og oksygenmetning – tilgjengelege for helsepersonell. Tenesta skal sikre oppdatert informasjon, betre pasienttryggleik og god informasjonsflyt mellom ulike delar av helsetenesta.

Les meir på KS si nettside Løsninger under utvikling Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Pasientens kritiske informasjon

Informasjon som er særleg viktig for helsepersonell i ein behandlingssituasjon – som alvorlege diagnosar, allergiar, anestesikomplikasjonar og smittefare. Opplysningane blir registrerte i pasientjournalsystem og kan delast via Kjernejournal, slik at dei er tilgjengelege på tvers av helseinstitusjonar.

Les meir om samhandlingstenasta på Helsedirektoratet si nettside. Lenke til et annet nettsted.

Behandlings- og egenbehandlingsplan

Ei digital løysing frå Helsedirektoratet som gir pasientar og helsepersonell ei felles oversikt over mål og tiltak i behandlingsforløpet. Behandlingsplanen viser kva helsepersonell skal følgje opp, medan eigenbehandlingsplanen fokuserer på pasienten sine eigne mål og tiltak for å meistre helsa si.

Les meir på KS si nettside Løsninger under utvikling Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sikker chat

Ein trygg og fleksibel videotjeneste for dialog mellom innbyggjar og kommune. Løysinga gir høve til både anonym og identifisert kommunikasjon, til dømes i barnevernet. Tenesta blir testa i kommunar som Kongsberg, Trondheim og Fredrikstad. Pilotering er utsett til første kvartal 2026 på grunn av leverandørutfordringar med å oppfylle krav i anskaffinga.

Les mer om utviklingsprosjektet på KS Digital sin nettside. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

NILAR - prøvesvar i kjernejournal

Prosjektet inngår i programmet Digital samhandling. Alle prøvesvar skal kopierast til Kjernejournal, slik at både innbyggjarar og helsepersonell får tilgang. Randaberg, Stavanger, Grimstad og Bodø er pilotkommunar.

Felles journalløft, felles rammer og anbefalinger

Hausten 2023 lanserte KS og kommunar felles rammer og tilrådingar for framtidige EPJ-anskaffingar. Målet er å støtte kommunane i innkjøpsprosessar og gi leverandørar klare forventingar. I Q2 2025 er rammeverket oppdatert med råd frå ekspertgruppe, og nye tilrådingar om blant anna kunstig intelligens er inkludert.

ROS & DPIA forenkles med digitalisering og standardisering (FoU)

KS Digital utreder og lager en POC (Proof of consept) for å forenkle arbeidet knyttet til ROS ved ibruktagelse av Fiks-tjenester.

Visualisering av nasjonale fellesløsninger

KS Digital utvikler et Digi-verktøy som gir oversikt over bruk og utbredelse av nasjonale fellestjenester fra blant annet DIF,
NHN, Digdir og Brønnøysundregisteret. Verktøyet skal bli et nyttig redskap for KS, kommuner og digitaliseringsnettverk,
og styrke arbeidet med fellesløsninger, arkitekturprinsipper og informasjonsmodeller.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev