• Aktuelt
  • Personvern og informasjonssikkerheit
  • Tiltak
  • IT-drift
  • Avsluttet

Samarbeid om tryggleik i DigiVestland - konsept

Kommunane i DigiVestland har greidd ut behov og moglegheiter for samarbeid om digital tryggleik. Sekretariatet har gjennomført ei omfattande kartlegging av behova til alle kommunane for samarbeid om aktivitetar innanfor digital tryggleik. På bakgrunn av resultata i behovskartlegginga er samarbeidet om Digital tryggleik overført til faggruppe for personvern og informasjonstryggleik og faggruppe for IT-drift.  

Kartlegginga av kommunane sine behov innan digital tryggleik viste stor spreiing. Nokon ønskjer tett samarbeid på nokre område, andre ønskjer ikkje samarbeid.  

For å få oversikt over moglege tenester som ligg føre innanfor tryggingsområdet har sekretariatet derfor samla tenestene i ei oversikt, eller katalog. Etter samtaler med kommunane kan det sjå ut som at det å ramma inn aktivitetane i ein tenestekatalog, vil vareta ønsket frå kommunane om fleksibilitet, og behovet for å ha den framdrifta særleg kommunane utanfor IKT-samarbeid etterlyser.  

Utvikling av ein tenestekatalog der leverandør av tenestene anten er eksterne aktørar, eller allereie eksisterande aktørar (som faggruppene), er i eigenskapen sin ikkje eit prosjekt. Det kan vera tenester i katalogen som er best utvikla gjennom prosjekt, men i utgangspunktet er ei teneste løpande og gjennomføringa skal ikkje følgja prosjektmetodikk. Gjennomføringa av oppgåver som skal utførast lagt til faggruppestrukturen i DigiVestland, eller til kommunane sjølv. Kommunane kan sjølv velja å melda inn ønskjer for samarbeid om oppgåvene, via faggruppestrukturen.

 

Kva skjer vidare?

Sekretariatet bruker våren 2024 til å setja opp ein plan for gjennomføring av oppgåvene i katalogen som fell til DigiVestland.  

Sekretariatet jobbar med justeringar i organiseringa av arbeidet i faggruppene personvern og informasjonstryggleik, og IT-drift, så dei blir tilpassa ein meir aktiv og gjennomførande rolle som leverandør av tenester.  

Sekretariatet gjer, i samarbeid med faggruppene, ytterlegare kartlegging av behovet til kommunane og ønskjer om samarbeid rundt anskaffingar, og vil ved behov fremja sak til styringsgruppa basert på svara i kartlegginga.  

I løpet av våren 2024 vil DigiVestland lansera eit tilbod om modnadsvurdering Åpnes i nytt vindu. av IKT-tryggleiken i kommunane opp mot NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik.  

For å lykkast, både i kvar enkelt kommune og i aktivitetar tiltak og prosjekt i DigiVestland innan tryggingsarbeid, er det grunnleggjande med god kultur for deling mellom kommunane.  

Det er god kompetanse, samla sett, innan tryggingsfeltet i Vestland, og framtidige tenester, tiltak og aktivitetar bør kunna nytta seg av kompetansen i faggruppene og i kommunane.   

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev