• Avsluttet
  • Plan, bygg og geodata
  • Tiltak

Tilrådd praksis for evaluering og oppheving av reguleringsplanar

Å rydda i gamle reguleringsplanar, og sikre eit godt plangrunnlag, er eit nødvendig arbeid for å leggja til rette for god digitalisering av plan- og byggjesakprosessen.

Utfasing av gamle reguleringsplanar skal bidra til ei meir effektiv byggjesaksbehandling gjennom mellom anna god og forståeleg planinformasjon for innbyggjar og næringsliv, og dessutan ein reduksjon i andel dispensasjonssøknader.

Ei engasjert arbeidsgruppe beståande av deltakarar frå Alver kommune, Askøy kommune, Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune, Gulen kommune og Øygarden kommune på vegner av alle medlemskommunar i DigiVestland, har utarbeidd rapporten «Tilrådd praksis for evaluering og oppheving av reguleringsplanar»

Rapporten klargjer både nå- og ønskt situasjon, gevinstar, samanhengen med rullering av kommuneplanens arealdel og sjølve evaluerings- og opphevingsprosessen. Rapporten har mange nyttige vedlegg i form av rettleiarar, målar og døme (sjå siste side av dokumentet). 

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev