Prosjektet starta med mål om å utvikla ei nasjonal digital innsynsløysing, men dette viste seg ikkje gjennomførbart innanfor rammene. I staden vart det utvikla ein regional prototype leidd av Interkommunalt Arkiv i Hordaland (IKAH), med innsynsløysing for avslutta barnevernsystem.
Løysinga er nå i bruk vedarkivdepot og representerer ein viktig milepæl. Prosjektet har løfta problemstillingar knytte til historiske digitale arkiv opp på nasjonalt nivå, og skapt breiare bevisstheit for utfordringane.
Det har vore breitt samarbeid mellom kommunar, arkivinstitusjonar og nasjonale aktørar, og prosjektet har levert praktiske resultat trass i komplekse utfordringar.
Prosjektet tilrår at Arkivverket og KS får utvida ansvar for vidare utvikling og implementering av nasjonale løysingar for innsyn i digitale, historiske arkiv. Det er identifisert behov for ein trinnvis tilnærming: først løysingar for arkivdepot, deretter for saksbehandlarar, og til slutt sjølvbeteningsløysingar for publikum. Kommunane og arkivinstitusjonane skal få nødvendig støtte til å oppfylla sine lovpålagde oppgåver. Det er òg føreslått å oppretta ei nasjonal arbeidsgruppe for å utvikla felles kommunikasjonsstrategi og sikre betre koordinering og samhandling på tvers av sektoren.
Prosjektet har vist at utfordringane med digitalt innsyn er nasjonale og ikkje kan løysast lokalt aleine. Det er behov for tydeleg nasjonal styring, felles standardar og auka samhandling mellom statlege og kommunale aktørar. Erfaringane viser at det er stor variasjon i praksis mellom kommunar, og at omgrep som "historisk arkiv" og "innsyn" blir tolka ulikt. Det blir tilrådd å starta med løysingar for arkivdepot og byggja vidare derfrå. Ressursknappleik og teknologisk fragmentering er barrierar som må handterast gjennom koordinert innsats og kompetanseløft.
Det er etablert ein Nasjonal arbeidsgruppe som følgjer opp utfordringar innan arkiv som følgje av digitalisering av offentleg sektor. Arbeidsgruppa blir leia av KS.
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev