• Oppvekst
  • Pågår
  • Tiltak

Framtidas oppvekst

I 2023 fekk oppvekstsektoren ein nasjonal Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole for perioden 2023-2030. Lenke til et annet nettsted. Strategien, saman med behova til kommunane i DigiVestland, utgjer grunnlaget for faggruppe oppvekst sitt arbeid.

Våren 2025 vart det i regi av faggruppa gjennomført ei kartlegging av kva område i digitaliseringsstrategien for oppvekstsektoren kommunane meiner DigiVestland bør prioritera i faggruppas vidare arbeid.

Tilbakemelding frå kommunane blir samanfatta i tre hovudpunkt

Kommunane har peika på nokre viktige område som bør prioriterast framover. Desse handlar om behovet for betre oversikt, støtte og samordning i arbeidet med digital utvikling i oppvekstsektoren. Dei tre hovudpunkta er:

  • At DigiVestland brukar sine nasjonale nettverk for å få utvikla sentrale register over applikasjonar som er vurderte til å kunna brukast i oppvekstsektoren. Spesielt vert det ynskja oversikt over GDPR-klarerte app'ar.

  • At DigiVestland jobbar for å gjera innhaldet i nasjonale strategiar betre kjent for kommunane.

  • At DigiVestland skal lage malar og rammeverk for lokale strategiar ut frå nasjonale strategiar og andre grunnlagsdokument.

Resultata frå kartlegginga gir eit grunnlag for det vidare arbeidet i faggruppa.

Les rapporten frå kartlegginga her. pdf, 153 kB.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev