Tiltaket har som mål å utvikla og etablera ei digital visualiseringsløysing for byggdata i kommunane i Vestland.
Alle kommunar registrerer nybygg og påbyrja bygg i matrikkelen, men data har til nå hatt avgrensa vidare bruk. Ved å ta i bruk eksisterande byggdata i eit digitalt dashboard, får kommunane rask og visuell oversikt over byggjeaktivitet, bustadtypar og geografisk fordeling – informasjon som tidlegare har vore vanskeleg tilgjengeleg.
Løysinga representerer innovasjon, effektivisering og digitalisering, og gir utvida nytte av eksisterande data. Data blir oppdaterte dagleg basert på endringar registrerte av matrikkelførarar. Erfaringar frå kommunar som Sandnes og Øygarden viser at dashboardet er nyttig både i administrativ og politisk samanheng, og vekkjer interesse òg hos innbyggjarar.
Gjennom felles innsats vil kommunane få utvida tilgang til eigne byggdata i ein moderne og sentralt drifta løysing, med stor nytteverdi og avgrensa ressursbehov lokalt.
Iren Ramsøy
E-post: Iren.Ramsoy@bergen.kommune.no
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev