• E-helse
  • Pågår

DigiHelsestasjon

DigiHelsestasjon gjer det enklare for innbyggjarar å kommunisere digitalt med helsestasjon, jordmor og skolehelsetenesta – på ein trygg, oversiktleg og brukarvenleg måte via Helsenorge.

DigiHelsestasjon er ei nasjonal digital teneste som legg til rette for sikker og effektiv dialog mellom innbyggjarane og helsestasjonstenestene i kommunen. Via Helsenorge kan foreldre, gravide, barn og ungdom få tilgang til meldingar, timeavtaler, påminningar og viktig helseinformasjon – samla på eitt sted. Tenesta består både av ei basisløysing og ei eiga ungdomsfunksjonalitet som gir ungdom frå 13 år moglegheit til å kommunisere digitalt med skolehelsetenesta og Helsestasjon for ungdom.

Innføringsløp 2026 – DigiHelsestasjon

I 2026 blir dei felles innføringsløpa for DigiHelsestasjon vidareført som ein del av KS sitt nasjonale program for standardiserte innføringsløp. Kommunane blir inviterte i puljer gjennom året, og innføringa skal følgje ein fast plan koordinert av KS og Norsk helsenett. Målet er å sikre ein lik og effektiv innføringsprosess på tvers av kommunar, der kommunane får støtte gjennom heile løpet – frå oppstart og tekniske tilpassingar til implementering i drift. DigiHelsestasjon er eit prioritetstiltak i e‑helseporteføljen for 2026, og inngår som eitt av fleire nasjonale innføringsløp som blir vidareført dette året.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp
  • Aslaug B. F. Lunde Kontakt for KS nettverk e-helse E-post 92 03 63 09

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev