• E-helse
  • Avsluttet

Kjernejournal

Kjernejournal gjer viktige helseopplysningar tilgjengelege for helsepersonell, slik at du kan få tryggare og raskare helsehjelp – uansett kvar i landet du får behandling.

Kjernejournal er ei nasjonal digital løysing som samlar og deler dei mest sentrale helseopplysningane om deg, slik at helsepersonell kan gi trygg og effektiv behandling på tvers av tenestenivå og kommunegrenser. Løysinga gjer det mogleg for autorisert helsepersonell å få rask tilgang til informasjon som kritiske opplysningar, legemiddelhistorikk, journaldokument, vaksinasjonar, prøvesvar og andre viktige data som kan vere avgjerande i både planlagd behandling og akutte situasjonar.

Kommunar og helseverksemder får tilgang gjennom Kjernejournal-portalen, som er eit eige brukargrensesnitt levert av Norsk helsenett. Her er informasjon og opplæringsmateriell tilgjengeleg for innføring av tenesta i kommunane, som frå 2026 også blir lovpålagt å ta i bruk.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp
  • Aslaug B. F. Lunde Kontakt for KS nettverk e-helse E-post 92 03 63 09

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev