• E-helse
  • Pågår

Velferdsteknologisk knutepunkt (VKP)

Velferdsteknologisk knutepunkt (VKP) bind saman kommunane sine velferdsteknologiske løysingar og journalsystem, og sikrar trygg, effektiv og automatisk informasjonsflyt som reduserer dobbeltarbeid og styrkar pasientsikkerheita.

Velferdsteknologisk knutepunkt (VKP) er ei nasjonal løysing som handterer informasjonsflyt mellom kommunane sine velferdsteknologiske system og dei elektroniske pasientjournalsystema (EPJ). Tenesta gjer det mogleg både å hente ut nødvendige opplysningar frå EPJ og å journalføre automatisk frå velferdsteknologiske løysingar, slik at helsepersonell slepp å registrere dei same opplysningane fleire gonger. Dette gir meir effektiv arbeidstid, høgare datakvalitet og betre grunnlag for trygge helsetenester.

VKP vil etter planen bli erstatta av nye API-baserte informasjonstenester i løpet av 2026, men dagens løysing spelar framleis ei sentral rolle i kommunane si overgang til meir heilskaplege og automatiserte tenester. Kommunane betaler ikkje for sjølve VKP-tenesta, men må rekne med kostnader knytte til integrasjonar og tekniske tilpassingar. Felles innføringsløp organisert av KS og Norsk helsenett hjelper kommunane å kome i gang på ein strukturert måte og sørgjer for deling av erfaringar mellom kommunane.

VKP blir faset ut – viktig for kommunar som planlegg EPJ‑byte i 2026
Norsk Helsenett (NHN) har bestemt at dagens løysing for Velferdsteknologisk knutepunkt (VKP) skal erstattast av ei ny løysing med enkeltståande API‑tenester i løpet av 2026.

For kommunar som planlegg å bytte EPJ‑system i 2026, anbefaler Norsk Helsenett å vente til ny løysing er på plass. Når VKP er under ombygging og skal erstattast innan kort tid, kan det vere lite føremålstenleg å bruke ressursar på nye integrasjonar mot dagens plattform. Kommunen kan då risikere å få ei mellombels løysing, eller måtte gjere arbeidet om igjen når den nye API‑baserte løysinga kjem.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp
  • Aslaug B. F. Lunde Kontakt for KS nettverk e-helse E-post 92 03 63 09

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev