• E-helse
  • Planlagt

Beredskapsøvingar – e‑helse

Arbeidsgruppe som skal utarbeide planlegge og gjennomføre ei beredskapsøving innan e-helse

I januar 2026 vart det gjennomført ei regional beredskapsøving i samarbeid mellom DigiVestland og Statsforvaltaren. For å vidareutvikle dette arbeidet skal det lagast ei eiga satsing på e‑helse. Målet er å styrke kommunane si evne til å handtere digitale hendingar som påverkar helse- og omsorgstenestene. Ei arbeidsgruppe skal byggje vidare på erfaringane og utvikle nye øvingsscenario med tydeleg fokus på e‑helse.

 

Tiltak

  • Frikjøpe ressurs frå kommunane til å leie ei arbeidsgruppe med fagpersonar (e-helse, IKT, beredskap og kommunikasjon).
  • Gå gjennom erfaringar frå tidlegare øvingar og identifisere forbetringsområde innan e‑helse.
  • Utarbeide øvingsopplegg som tek for seg:
    • brot i digitale helsesystem
    • tryggleiks- og tilgjengehendingar
    • samhandling mellom helse, IKT og beredskap
    • kommunikasjon internt og med eksterne aktørar
  • Planleggje og gjennomføre ei beredskapsøving med e‑helse i sentrum.
  • Lage ein rapport med læringspunkt og anbefalte tiltak for kommunane.

 

Målgruppe
Leiarar og nøkkelpersonar innan helse- og omsorgstenester, IKT, beredskap og kommunikasjon.

 

Forventa effekt
Styrka handtering av digitale hendingar, betre tverrfagleg samarbeid og klarare rutinar for å handtere avvik og kriser innan e‑helse.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp
  • Aslaug B. F. Lunde Kontakt for KS nettverk e-helse E-post 92 03 63 09

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev