• E-helse
  • Planlagt

Mal for handlingsplan for e‑helse

Arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til struktur og oinnhald for ein handlingsplan for e-helse.

Fleire kommunar har etterspurt hjelp til å lage lokale handlingsplanar for e‑helse. Det blir derfor etablert ei arbeidsgruppe som skal lage ein felles mal som alle kommunar kan bruke. Malen skal støtte nasjonale føringar og lokale strategiar, og gi eit heilskapleg og praktisk rammeverk for planarbeidet.

Tiltak

  • Frikjøpe ressurs frå kommunane til å leie ei arbeidsgruppe med fagpersonar (e-helse, helse- og omsorg, og adm. Org.)
  • Samle inn relevante krav og føringar frå nasjonale dokument og standardiseringsarbeid.
  • Utarbeide forslag til struktur og innhald for ein handlingsplan som kan inkludere:
    • mål og strategiar
    • prioriterte tiltak
    • tenesteområde og ansvar
    • kompetansebehov
    • risiko og beredskap
    • økonomi og gevinstrealisering
  • Lage ei brukarvennleg mal som er enkel å tilpasse lokalt

 

Målgruppe
Kommunale leiarar, fagansvarlege og planleggarar som jobbar med e‑helse og teknologiutvikling.

Forventa effekt
Betre planarbeid, tydelegare forankring og meir samla utvikling av e‑helse og helseteknologi i regionen.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp
  • Aslaug B. F. Lunde Kontakt for KS nettverk e-helse E-post 92 03 63 09

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev