• E-helse
  • Planlagt

Velferdsteknologi på kommunane sine nettsider

Arbeidsgruppe som skal utarbeide oppdaterte, korte og lett forståelege tekstar om velferdsteknologi til bruk på kommunane sine nettsider.

Kommunane treng oppdaterte, forståelege og brukarvennelge tekstar om velferdsteknologi retta mot innbyggjarar på sine nettsider. Velferdsteknologi er i rask utvikling, og ulik praksis gjer det krevjande å halde ved like god kvalitet på informasjonen. For å styrke kvalitet og likskap på tvers av Vestland-kommunane blir det oppretta ei arbeidsgruppe som skal lage anbefalte tekstar som kommunane kan bruke direkte eller tilpasse eigne behov.

Tiltak

  • Frikjøpe ressurs frå kommunane som kan leie ei arbeidsgruppe med fagpersonar (e-helse, helse- og omsorg og kommunikasjon)
  • Kartleggje eksisterande tekstar og vurdere kva som bør vere likt på tvers av kommunar.
  • Utarbeide oppdaterte, korte og lett forståelege tekstar som m.a forklarer:
    • kva velferdsteknologi er
    • kva tenester som finst
    • korleis innbyggjarar kan søkje eller få tilbod
    • personvern og tryggleik
    • praktisk bruk og støtteordningar
  • Gjere tekstane tilgjengelege for alle kommunane i Vestland.

 

Målgruppe
Innbyggjarar og pårørande.

Forventa effekt
Klare og like tekstar i kommunane, betre forståing av velferdsteknologi og enklare tilgang til relevante tenester.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp
  • Aslaug B. F. Lunde Kontakt for KS nettverk e-helse E-post 92 03 63 09

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev