Datasjø

Status (juni2022)

Datasjø i regional kontekst!

Pilot på bruk av Bergen kommune sin datasjø i regional kontekst.  Bruk av data på tvers av sektorer, tjenester og system skal gi betre grunnlag for planleggjing, gjennomføring, kontroll og forbetringar av tenester og system. Fem kommunar/kommunesamarbeid har meldt sin interesse for å bli med i prosjektet. I første omgang undersøkjes det om det er grunnlag for pilot innan vatn- og avløpstenester. Dette fordi Bergen kommune har god kompetanse og erfaringar med datafangst, analyse og tilgjengeleggjering av data frå dette området. To kommunar har levert inn kartleggingsskjema. Det vil no bli vurdert om det er grunnlag for å starte pilotprosjekt i desse

kommunane, eller om vi bør søkje andre tenester og behov. 

Datasjø

Bakgrunn

Bergen kommune har gjennom fleire år jobba med utvikling av ein datasjø-løysing. Datasjøen er ei teneste som skal gjere det enklare å dele data. Datasjøen er skybasert dataplattform som gir det mogeleg å samle data på ein stad og tilgjengeliggjøre den for relevante brukarar.

Det vil vere krevande for små og mellomstore kommunar å etablere ein eigen datasjø. Sekretariatet ønsker difor å finne ut om Bergen kommune si løysing kan bli brukt av andre kommunar i samarbeidet. 


Aktivitetar

30. november blei medlemskommunane i Digi Vestland invitert til eit webinar om datasjø og på slutten av webinaret blei kommunane invitert til å forske vidare på hypotesen: «Vi kan gjenbruke Bergen kommune sin datasjø i regional kontekst og dette vil gje gevinstar for kommunane».  Målet er å gjennomføre ein pilot der ein eller fleire av medlemskommunane bruker Bergen kommune si datasjøplattform til å samle og tilgjengelegjere eigne data. Gjennom piloten vil vi lære og finne ut om det er mogeleg og hensiktsmessig å bruke Bergen kommune sin datasjø i andre kommunar. Aktiviteter fram til etablering av pilot:

Meir informasjon og kontakt

Kontakt

Simen Soltvedt
tiltakskoordinator
tlf: 97 14 17 07
e-post: simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Sist oppdatert: 28. desember 2021