Digihelsestasjon

Framside / Portefølje / Digi-helsestasjon

Utbreiing av Digihelsestasjon

Digi Vestland, Digi Rogaland og KS e-Komp har fellesskap invitert alle sine medlemskommunar til å delta i eit felles innføringsløp av “basisløysninga” Digihelsestasjon, hausten 2022. I den anledning er det invitert inn til eit informasjonsmøte kor du vil verte kjent med løysninga, hauste erfaringar og få presentert plan for felles innføring.


Kvifor Digihelsestasjon?

Dagens helsestasjon- og skulehelseteneste ber i stor grad preg av at kommunikasjonen mellom brukarar og kommunen sine tenester er basert på brev, telefon, fysisk oppmøte og e-post. Innbyggjarar som ønskjer å bruke tenestene kan i dag oppleve det som utfordrande å kome i kontakt. Samtidig er det enkelte grupper som ikkje har lett for å ta kontakt med tenestene, som ungdom. På den andre sida er det ressurskrevjande for tenestene å svare på førespurnader parallelt med det operative arbeidet. Fleire av førespurnadene inkluderer helseopplysningar som krev ein sikker kanal for å kunne svare, mens andre førespurnader gjeld meir administrative saker rundt tenester og avtaler.


Mål for Digihelsestasjon

Kjernen i Digihelsestasjon er å tilby sikker digital kommunikasjon og digitale tenester for gravide, foreldre med barn i alderen 0–5 år, samt barn og unge i skulehelsetenesta og helsestasjon for unge. Brukarane skal oppleve ei betre, tryggare og meir tilgjengeleg teneste, mens kommunane kan auke den faglege kvaliteten samtidig med at dei reduserer ressursbruken knytt til blant anna kommunikasjon, journalføring og avtaler der brukarane ikkje møter opp.

Målet for Digi Vestland er at alle kommunane i fylket raskt og effektivt tek i bruk Digihelsestasjon, og at dei er i stand til å realisere gevinstpotensialet løysinga gir.


Utvikling av ungdomsløysning

Den fyrste fasen i utviklinga av Digihelsestasjon er ferdigstilt, og løysinga for tenester til gravide og foreldre er på plass og klar for utbreiing. Dette er den så kalla “basisløysninga”. No står den andre fasen for tur. Den handlar om utviklinga av “ungdomsløysninga”, som truleg er den første nasjonale digitale innbyggertenesta innanfor ungdomshelse i kommunane. “Ungdomsløysninga” er framleis under prosjekt og vil vere under utprøving i 2022. Løysninga er klar for bredding i løpet av 2023.

Digi Vestland sitt fokus for utbreiing av Digihelsestasjon omfattar dermed i fyrste omgong “basisløysninga”.


Samfunnsøkonomisk analyse for Digi helsestasjon


Gevinster - Forenklet samfunnsøkonomisk analyse for Helsestasjon og skolehelsetjenesten.pdf

Sjå video av korleis løysinga verkar

Sparar over 22 kroner per investerte krone

Les artikkelen i Computerworld

Om Digi helsestasjon

Les meir på nettstaden til KS

Kontakt

Atle Sandal

Koordinator for e-helse

e-post: atle.sandal@karabin.no

Sist oppdatert: 2. januar 2022