Digitale innbyggjartenester

Framside / Portefølje / Digitale innbyggjartenester/ 

Prosjektet er ein av hovudaktivitetane i samarbeidet i 2022.

Siste status (juni 2022)


KS Min Side har endra namn til Min kommune!

Prosjektet har gjennomført påkobling av medlemskommunane til KS Min side/ Min kommune i perioden november 2021- januar 2022, og 29 av 39 kommunar har no inngått avtale med KS. 

I perioden januar til mai månad har det vore veileda og køyrd prosess for ROS og DPIA for løysinga. Åtte kommunar pluss eit IKT samarbeid har nytta seg av tilbodet. Veiledninga innan ROS blei avslutta i april, og arbeidet med DPIA pågår no.

Parallelt har prosjektet arbeida med å etablera eit godt samarbeid med KS og dei andre diginettverka, noko som erfarast naudsynt for å sikre lik forståing av ansvar og roller i arbeidet med identifisering og kvalifisering av behov. Det har mellom anna vore dialogar med KS/ digitale fellestenester for å avstemma korleis vi saman skal lukkast for å tilby gode og relevante innbyggjartenester på FIKS plattforma. 

Digi Vestland ynskjer å væra eit spydspissnettverk, og er no representert i etablert brukarråd for prosjektet. Arbeidet vidare handlar om å identifisera behov som kan utforskas vidare for å kvalitetssikra og utvikla KS Min kommune.


Bakgrunn

KS har gjennom Fiks-plattforma utvikla eit godt fundament for tenestene, men innhaldet har vore begrensa. Derfor har det regionale samarbeidet ivra for ei vidareutvikling som forsterkar graden av digital dialog og sjølvbetening for innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv. Gjennom den seinare tida har KS tilrettelagt for utvidaa moglegheiter i løysinga. Løysinga har nyttig funksjonalitet som no kan danne ein sentral felles grunnmur for felles digitalisering og vere landingsplass for nye digitale tenester og løysingar (nasjonalt, regionalt og lokalt) for kommunane i Vestland.

Prosjektet sitt mål

Målet med prosjektet er å bistå kommunane i samarbeidet med å ta i bruk fellesløysingar og felleskomponentar, i første omgang tenester på Fiks-plattforma. Prosjektet skal støtte kommunane i å utnytte potensialet i KS Min Side gjennom å ta i bruk fellesløysingar og kople opp informasjonssystem med relevante data. Ved å ta i bruk fellesløysingar vil vi i stor grad kunne standardisere datadeling og gjenbruk av data. Dette vil danne eit godt grunnlag for vidare utvikling av nye og betre innbyggjartenester.

Prosjektorganisering

Prosjektet er definert som eit fellestiltak for alle medlemskommunane og vil påverke alle tenesteområda i kommunane. Prosjektet blir derfor styrt frå sekretariatet i Digi Vestland, som òg vil ha ein utførande rolle i fleire av leveransane i prosjektet. Sekretariatet vil ved behov hente inn kompetanse frå faggrupper og kommunar i samarbeidet. Prosjektet legg opp til å leige inn nødvendig kapasitet. Koordinator for nasjonale fellesløysingar vil få ein sentral del i prosjektet.

Digitaliseringsutvalet i Digi Vestland (DuVe) vil vere styringsgruppe for prosjektet. Rapporteringa skjer i dei faste møta til utvalet, og ved behov i eigne møter. Styringsgruppa i Digi Vestland vil få statusrapportar.

Prosjektet sitt omfang

Prosjektet vil først og fremst utnytte funksjonalitet og tenester på Fiks-plattforma, samt kople opp relevant informasjon frå kommunane sine system. Det kan likevel bli aktuelt å kartleggje bruk av andre nasjonale fellesløysingar. Desse opplysningane vil vere nyttige i det vidare arbeidet etter at prosjektet er avslutta, og kan danne grunnlag for andre prosjekt i arbeidet.

Prosjektet har følgjande hovudaktivitetar:

Detaljert milepæls- og aktivitetsplan med ansvar og leveransetidspunkt vil bli utarbeida etter at innsiktsfase, analysefasa og prioritering av innsatsområder er gjennomført.

Arbeidet med kartlegging startar i januar 2022.

Les meir og kontakt

Sist oppdatert: 22. desember 2021