Felles kommunal journal

Framside / Portefølje / Felles kommunal journal

"Én innbygger - én journal"

Bakgrunn

Stortingsmeldinga «Én innbygger – én journal» sett tydelege mål for IKT-utviklinga i helse-Norge, og er bakgrunnen for Felles kommunal journal-prosjektet. Prosjektet er eitt av tre tiltak i arbeidet om å nå målet om ein innbyggjar – ein journal. 

Mål

Målet med prosjektet er å gje innbyggjarane tryggare og betre helsetenester gjennom digitale verktøy som støtter arbeidskvardagen til helsepersonell. Felles kommunal journal er både eit tiltak som skal gje ei ny journalløysing for kommunale helse- og omsorgstenester og løysingar som knyter fastlege, legevakt, heimetenester og andre tenester betre saman med resten av helse-Norge. Prosjektet vil løyse behov knytt til dokumentasjon og yting av helsehjelp i kommunane og hos fastlege. Tiltaket skal i tillegg gje betre samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta.

Aktuelt

Les status frå prosjektet per desember 2021 her!

Les status frå prosjektet per november 2021 her!

Kontakt

Iren Ramsøy

Rådgjevar, sekretariat Digi Vestland
telefon: 462 97 986
e-post: iren.ramsoy@bergen.kommune.no

Sist oppdatert: 25 februar 2022