Felles kommunal journal

Felles kommunal journal er fortsetjinga på det som tidlegare heitte Akson. Hausten 2020 blei Akson delt i to, der kommunane tok over leiinga av det som no er Felles kommunal journal. Direktoratet for e-helse held fram med delen som no heiter Program for digital samhandling.

Felles kommunal journal har akkurat lagt fram ei overordna skildring av korleis den kommande pasientjournalen kan bli realisert. Skildringa er først og fremst ei konkretisering av sentrale eigenskapar og prinsipp som var etterspurd i den eksterne kvalitetssikringa av Akson (KS2). Kvalitetssikringsrapporten peikte blant anna på at prinsipp om økosystem, plattformtilnærming, stegvis gjennomføring og samhandling måtte bli omsett til ein planlagt, konkret og truverdig løysings- og gjennomføringsstrategi. Den første delen av denne strategien er no lagt fram, omtalt som eit løysingsforslag i 0.4-versjon.

Felles kommunal journal har invitert føregangskommunane til eit dialogmøte 9. juni, der det nyleg framlagte løysingsforslaget står på agendaen. Prosjektet inviterer òg alle interesserte til eit webinar 10. juni med same tema.

Som ein del av Felles kommunal journal og dei framtidige e-helseløysingane i kommunane, har Digi Vestland deltatt i eit arbeid med å utarbeide ein felles referansearkitektur for e-helse i kommunal sektor. Arbeidet er koordinert av KS, med deltakarar frå fleire delar av landet. Her har vi tatt for oss prinsipp, omgrep, arkitekturmodellar og standardar som skal ligge til grunn for felles utvikling av e-helseløysingar. Utkast til prinsipp, omgrep og arkitekturmodellar er nyleg lagt fram for både Direktoratet for e-helse, Norsk helsenett (NHN) og dei regionale helseføretaka sitt interkommunale arkitekturutval. Målet er å leggje fram eit resultat som alle dei sentrale partane innanfor e-helseområdet kan slutte opp om og dra nytte av i utviklinga av nye løysingar og tenester.

Sist oppdatert: 14. oktober 2021