Pilotering av regional rettleiarteneste for personvern og informasjonstryggleik i skulen

Framside / Portefølje / Pilotering av regional rettleiarteneste for personvern og informasjonstryggleik i skulen

Pilotering av regional rettleiarteneste

KS initierte våren 2020 forprosjektet SkoleSec med føremål å styrke arbeidet med personvern og informasjonstryggleik knytt til det digitale læringsmiljøet til elevar. På kort sikt er målet å stille verktøy og ressursar til disposisjon slik at kommunane kan gjennomgå og trygge dei læringsressursane og samhandlingsløysingar som i dag blir mest brukt. På lengre sikt skal SkoleSec bidra til at vi får ein meir samordna sektor i samspel med andre sentrale ressursmiljø og leverandørmarknaden.

Udir har tildelt midlar til SkoleSec for pilotering av ei regional rettleiarteneste. Digi Vestland Oppvekst si arbeidsgruppe for personvern og informasjonstryggleik vart spurd av KS om å delta i dette. Piloten skal teste ut og innhente erfaringar med ei regional rettleiarteneste for skoleeigarar knytt til innkjøp, bruk og avslutning av digitale læringsressursar.

Målgruppa for piloten er skuleeigarar og rådgivarar som arbeider med dette området i kommunen sin.

Arbeidsgruppa i Digi Vestland Oppvekst vil fungere som eit rettleiarteam for kommunar i regionen som ønsker å delta i piloten. I tillegg vil ein ekspertressurs frå SkoleSec bidra inn som mentor i rettleiarteamet.

Kva vil din kommune oppnå ved deltaing?

Ved å delta som pilotkommune i prosjektet vil kommunen din få tilført kompetanse og ressursar i arbeidet med personvern og informasjonstryggleik innan oppvekstsektoren:

  • Rettleiing ut ifrå eige ståstad

  • Kompetanseheving med anerkjente kapasitetar innanfor personvern og informasjonstryggleik

  • Nettverksbygging og etablering av samarbeidsforum

  • Betre oversikt over eigen kommunes ståstad

  • Hjelp til å definere dagens utfordringar og prioritere betringar og endringar

  • Auka kunnskap om tilgjengelege ressursar

  • Moglegheit til å gi arbeidet på området i egen kommune en ny giv

Kva vil det krevje av din kommune å delta?

Det er utarbeidd ein overordna prosjektplan for kva aktivitetar som vil vere ein del av piloteringa av rettleiartenesta. I tillegg til nokon felles aktivitetar, må det påreknast noko arbeid i den enkelte kommunen mellom samlingane.

Status per desember 2021

Opplæringa av arbeidsgruppa i Digi Vestland starta i november 2021. I tillegg er det sendt ut eit informasjonsskriv til alle kommunalsjefar for Oppvekst i Vestland med informasjon om piloten, og det vart gjennomført eit informasjonsmøte 15. desember. Frist for å søke deltaking i piloten var 19. desember, og oppstart for kommunar som skal ta del i piloten vil vere tidleg januar 2022.

Kontakt

Kontaktperson

Steinar Hjelset

telefon: 478 24 264

e-post: steinar.hjelset@karabin.no

Sist oppdatert: 16. januar 2022