Status frå prosjektet desember 2021

Prosjektet er framleis i planleggingsfasen, og det jobbast med å opprette ulike samarbeid med kommunar i regionen og nasjonalt. Gjennom desse samarbeida vil prosjektet få tilgang til erfaring og kunnskap som kan delast med andre kommunar i regionen og nasjonalt.

Samarbeid - pilot med kommunar i regionen

Det pågår ein dialog med fleire kommunar i regionen som er i startfase med anskaffing eller innføring av nye fagsystem og løysingar. Prosjektet ønskjer å etablere ein eller fleire pilotar i regionen, for å delta/bidra i kommunane sine prosjekter ved anskaffing og innføring av nye fagsystem og løysingar. Dette vil gje mykje kunnskap og erfaring som prosjektet kan dele med andre kommunar, som ønskjer å gå i gang med eit tilsvarande prosjekt. Det er eit håp om å få på plass eitt eller fleire samarbeid i løpet av prosjektperioden.

Samarbeid - få kunnskap og erfaring frå kommunar i regionen og nasjonalt

Det er oppretta ein dialog med Digi Viken for utveksling av erfaringar og kunnskap knytt til anskaffing og innføring av nye fagsystem og løysingar for plan- og byggesaksbehandling. Det vil bli diskutert ulike samarbeid i forhold til ulike leverandørar av system og løysingar for plan- og byggesaksbehandling (eByggesak, ePlansak, eByggesøk, KOSTA, FIKS etc.). I denne dialogen ønskjer ein å få avklart status til fagsystem og løysingar, i forhold til kva krav og behov beskrevet i Nasjonal Produktspesifikasjon for ePlanSak, eByggeSak og kommunalt planregister, versjon 3.

Vidare arbeid

Prosjektet vil kontakte kommunar i regionen og nasjonalt som nyleg har gjennomført ei anskaffing og innføring av nye fagsystem og løysingar for behandling av plan- og byggesakar. Deira erfaring og kunnskap frå dette arbeidet er noko prosjektet ønskjer å få innsikt i.

Som ein del av felles innføringshandbok, vil prosjektet ta fram ulike underlag som kommunane kan bruke - ved anskaffing og innføring av fagsystem og løysingar for plan- og byggesaksbehandling. Følgjande underlag er planlagt å utarbeide:

  • Gevinstanalyse - for innføring av ei heilskapleg digital løysing for plan- og byggesaksbehandling

  • Gevinstplan - for oppfølging av gevinstar i prosjekt

  • RIsikovurdering (ROS) - av informasjonstryggleik ved bruk av ei digital løysing

  • Personvernkonsekvensvurdering (DPIA) - registrering og behandling av personopplysningar i ei digital løysing for plan- og byggesaksbehandling

  • Prosjektplan - tidsplan og aktivitetar for dei ulike prosjektfasane (konsept - planlegging - gjennomføring - avslutning - realisering).