Utbreiing av velferdsteknologisk knutepunkt

Framside / Portefølje / Utbreiing av velferdsteknologisk knutepunkt

Om prosjektet

Direktoratet for e-helse, Norsk Helsenett og KS har samarbeidd med eit utval kommunar om å lage ei skybasert integrasjonsløysing, kala Velferdsteknologisk knutepunkt (VKP). Knutepunktet skal bidra til å løyse kommunane sine utfordringar med manglande integrasjonar og dataflyt. Det kan gi:

  • effektiv ressursbruk, ved at helsepersonell slepp å registrere informasjon fleire stader

  • auka tenestekvalitet ved at riktig informasjon er tilgjengeleg for dei som treng han, når dei treng han

  • marknadsinnovasjon og næringsutvikling, ved å vere ein open, leverandøruavhengig og nøytral plattform som er lett å kople seg til

  • leverandørtilpassingar som tilfredsstiller krav i det framidige rammeverket for samhandling i helsesektoren

Kommunar som ønskjer å ta i bruk VKP opplever likevel vesentlege barrierar. Prisen leverandørane av fagsystema krev for å gjere det mogleg å ta løysinga i bruk blir opplevd som varierande og høg. Kommunane er òg usikre på framtidig utvikling og funksjonalitet, blant anna fordi VKP foreløpig er lite utbreidd. Digi-nettverka og KS samarbeider om å greie ut moglege løysingar. Målet for prosjektet er å senke terskelen for å ta VKP i bruk, og leggje grunnen for rask og koordinert utbreiing.

Status desember 2021

Dei regionale digi-nettverka har, saman med KS, sett i gang eit felles nasjonalt initiativ for å senke terskelen for å ta i bruk VKP. Ei prosjektgruppe skal blant anna gjennomføre felles dialog og forhandlingar opp mot leverandørane av kommunane sine fagsystem, med mål om å redusere etablerings- og forvaltningskostnadane for tilkopling og bruk av VKP. Prosjektgrupa skal òg vurdere behov og moglegheiter opp mot Direktoratet for e-helse, Norsk helsenett og kommunane, for å identifisere og gjennomføre tiltak som skal bidra til raskare utbreiing.

I tillegg til å delta i og bidra med ressursar til det nasjonale arbeidet, vil Digi Vestland greie ut og eventuelt gjennomføre eigne tiltak i Vestland, deriblant felles anskaffing og tilgjengeleggjering av VKP. Omfanget av arbeidet avhenger av mogleg finansiering mellom skjønnsmidlar.

Kontakt

Atle Sandal

sekretariatet

e-post: atle.sandal@karabin.no

Sist oppdatert: 16. januar 2022