Aktuelt

Regional koordinator på plass

Aksjon journal skal gje oss ein felles kommunal pasientjournal som vil knyte helse-Norge betre saman. Felles pasientjournal skal gje innbyggjaren tryggare og betre helsetenester og helsetilsette ein enklare arbeidskvardag.

Regional koordinator for Vestland er kommen i gong med arbeidet, og har deltatt som ressurs i kommunikasjonsgruppa i Akson sidan kick-off i prosjektet i desember 2020. Koordinatoren er knyta til seksjon for e-helse i Bergen kommune, og samarbeider med Digi Vestland. Bergen er ein av føregangskommunane i prosjektet.

I første omgang har kommunikasjonsaktivitetane vore retta mot kontaktpersonar i føregangskommunane og fylkesvise kontaktpersonar for Akson.

I februar vart det bestemt at KS skulle etablere selskap som skal vidareføre arbeidet med Akson på vegne av kommunane. Dette har medført justeringar i opphavleg kommunikasjonsaktivitetar/planar, og ny revidert plan vert lagt fram for styringsgruppa i prosjektet.

Det pågår arbeid i prosjektet med å detaljera løysingsomfang, gjennomføringsstrategi og gje svar på opne spørsmål i oppdatert sentralt styringsdokument.

Prosjektet ønsker å lytte til innspel spesielt frå kommunane og alle interessentar, og delta aktivt i debatten rundt prosjektet.

For alle som ønsker meir detaljert informasjon om Akson kan det vera nyttig å melde seg på serien med faste webinar som prosjektet arrangerer. I tillegg vil prosjektet legga ut nyhende på prosjektsida på KS-sidene. Ta gjerne kontakt med koordinator for Vestland med innspel og behov for informasjon i din kommune:  anne-lill.agasoster@bergen.kommune.no.