Digi-helsestasjon

Bakgrunn for prosjektet

Dagens helsestasjon- og skulehelseteneste ber i stor grad preg av at kommunikasjonen mellom brukarar og kommunen sine tenester er basert på brev, telefon, fysisk oppmøte og e-post. Innbyggjarar som ønskjer å bruke tenestene kan i dag oppleve det som utfordrande å kome i kontakt. Samtidig er det enkelte grupper som ikkje har lett for å ta kontakt med tenestene, som ungdom og særleg unge gutar. På den andre sida er det ressurskrevjande for tenestene å svare på førespurnader parallelt med det operative arbeidet. Fleire av førespurnadene inkluderer helseopplysningar som krev ein sikker kanal for å kunne svare på, mens andre førespurnader gjeld meir administrative saker rundt tenester og avtaler.

Mål for prosjektet

Kjernen i Digi-helsestasjon er å tilby sikker digital kommunikasjon og digitale tenester for gravide, foreldre med barn i alderen 0–5 år, samt barn og unge i skulehelsetenesta og helsestasjon for unge. Brukarane skal oppleve ei betre, tryggare og meir tilgjengeleg teneste, mens kommunane kan auke den faglege kvaliteten samtidig med at dei reduserer ressursbruken knytt til blant anna kommunikasjon, journalføring og avtaler der brukarane ikkje møter opp.

Målet for Digi Vestland er at alle kommunane i fylket raskt og effektivt tek i bruk Digi-helsestasjon, og at dei er i stand til å realisere gevinstpotensialet løysinga gir.

Utviklinga av ungdomsløpet er i gang

Den første fasen i utviklinga av Digi-helsestasjon er ferdigstilt, og løysinga for tenester til gravide og foreldre er på plass. No står den andre fasen for tur. Den handlar om utviklinga av det såkalla ungdomsløpet, som truleg er den første nasjonale digitale innbyggertenesta innanfor ungdomshelse i kommunane.

Det første møtet i Bergen/Vestland si styringsgruppe for ungdomsløpet finn stad 12. november. Her blir mandatet for prosjektet gjennomgått og behandla. Om alt går etter planen, skal piloten av ungdomsløysinga bli ferdig før sommaren 2022.

Utbreiing av Digi-helsestasjon

Er din kommune interessert i å ta i bruk Digi helsestasjon?

Digi Vestland inviterer til felles gjennomgang av innføringshandboka for Digi-helsestasjon. Vi vil også yte støtte og gjennomføre fleire aktivitetar for å hjelpe kommunane med å ta i bruk Digi-helsestasjon, basert på kommunane sine behov og innspel. Vi ønskjer derfor tilbakemelding frå alle kommunane i Vestland, via skjemaet nedanfor.

Presentasjonen frå møtet i Faggruppe for e-helse 18. oktober gir eit overordna blikk på Digi-helsestasjon, korleis kommunane kan komme i gang og kva for støtte Digi Vestland kan bidra med

211018 Faggruppe for e-helse - Digi-helsestasjon.pdf

Spørjeskjema om utbreiing av Digi-helsestasjon

Publiseringar

Sjå video av korleis løysinga verkar

Gevinster - Forenklet samfunnsøkonomisk analyse for Helsestasjon og skolehelsetjenesten.pdf

Samfunnsøkonomisk analyse for Digi helsestasjon

Sparar over 22 kroner per investerte krone

Les artikkelen i Computerworld

Om Digi helsestasjon

Les meir på nettstaden til KS

Kontakt

Eirik Tenfjord

verksemdutviklar

telefon: 926 54 649

e-post: eirik@digivestland.no