DigiSos

Om DigiSos

Digital søknad om økonomisk sosialhjelp

Søknadsprosessen for økonomisk sosialhjelp har tidlegare vore prega av mange kontaktpunkt i ulike kanalar mellom søkjarane og NAV. For mykje tid har gått med til koordinering, rettleiing, statusoppdateringar og å samle, sende og hente informasjon – gjerne i fleire omgangar. Med den nye digitale løysinga får brukarane ei betre og meir oversikteleg teneste, som er open 24 timar i døgnet. Alt skjer gjennom nettstaden til NAV. Samtidig kan kommunane redusere tida dei brukar på administrasjon, og kan heller nytte ressursane til andre oppgåver.

Gjennom Samordnet regional digitalisering har ei rekkje kommunar i Hordaland har tatt i bruk DigiSos. På NAV sin nettstad kan du sjekke om din kommune har opna for digitale søknadar.

Innføringshandbok for DigiSos

Det er utarbeida ei innføringshandbok til DigiSos. Du finn den her og kan opne vedlegget i Word og laste det ned.