KS Min Side

Kommunane Bergen, Stavanger, Kristiansand og Bærum har saman med Digi Vestland og KS starta prosjektet MinSide 2.0, som skal bidra til å vidareutvikle KS MinSide med funksjonar som gir økt digital sjølvbetening og gevinstar for kommunane. Prosjektperiode er februar 2020 til desember 2020. Tenestene som blir utvikla i prosjektet skal ta utgangspunkt i reelle brukarbehov og ha høg kvalitet, både med omsyn til bruk av teknologi og brukaroppleving. Prosjektet bruker tenestedesign som metode.

Prosjektet har som mål å etablere tre tenester som i prosjektperioden blir levert som tre leveransar (prioritert rekkefølge):

  1. Faktura – visning av faktura, samt tenester som betalingsutsetting osv.

  2. Mine saker/mitt arkiv inkl. pågåande og historiske eigedomssaker

  3. To-vegs meldingsboks mellom innbyggjar og kommune

Prosjektet er eit MVP-prosjekt (Minimum Value Products) og det vil byggje funksjonalitetar basert på eksisterande brukarinnsikt og praktisk erfaring frå deltakarkommunane.

Det er ein føresetnad at tenestene blir forbetra og vidareutvikla etter enda prosjektperiode.

Tenestene og integrasjonane som blir utvikla i prosjektet skal vere i tråd med arkitekturprinsipp og lovverk for personvern og informasjonssikkerheit. Leveransane skal også sikre prinsippet om meir-innsyn i data knytt til den enkelte brukar eller den som representerer brukaren.

Statusmelding

Digi Vestland bidreg aktivt inn i det nasjonale prosjektet KS Min Side 2.0. Her er ein oversikt over kva som har skjedd og kva som skal skje i leveransane i det nasjonale prosjektet.

Dette er Digi Vestland sitt bidrag:

  • Gjennomført innsiktsarbeid i Bjørnafjorden, Bergen og Askøy

  • Definert hypotesar basert på innsiktsarbeid

  • ICE-scoring av hypotesar

  • Dialog med KS om enkelheit

  • Utvikla og brukartesta prototype

  • Justert hypotesar basert på funn i brukartestar

Kontakt

Simen Soltvedt

telefon: 971 41 707

e-post: simen.soltvedt@bergen.kommune.no