Smittesporing

Digitalt verktøy for smittesporing

Ei elektronisk løysing for smittesporing er no tilgjengeleg for alle kommunar via FIKS-plattforma. Løysinga kan nyttast uavhengig av kommunens storleik og talet bekrefta tilfelle av covid-19. Det krevast ingen installering av programvare for å ta i bruk.

Bakgrunn - behov for elektronisk støttesystem

I ein pandemi som covid-19 er smittesporing både viktig og lovpålagt. Det er kommuneoverlegane som har det overordna ansvaret for smittesporing i sine respektive kommunar, men arbeidet kan delegerast vidare.

Det ble frå fleire kommunar meldt om behov for eit elektronisk verktøy for å støtte smittesporingsarbeidet, og KS tok derfor saman med FHI initiativ til å finne ei felles løysing. I samarbeid med fleire kommunar blei ulike løysingar vurdert, for valet falt på DHIS2.

DHIS2 er utvikla av UiO i samarbeid med WHO. I samband med covid-19 har det blitt utvikla digitale pakkar spesielt for å registrere og spore mistenkte og bekrefta tilfelle av covid-19. Versjonen som no er tilgjengeleg gjennom FIKS-plattforma er ytterlegare tilpassa smittesporingsarbeidet i norske kommunar. Du kan lese meir om DHIS2 her.


Innføringshandbok

Digi Vestland har utarbeide ei innføringshandbok til bruk for innføring av FIKS Smittesporing i kommunen. Både KS, systemutviklar og pilotkommunar har bidratt med innspel og informasjon.

Handboka beskriv kort bakgrunn, praktisk rundt prosessen for innføring i den enkelte kommune og overordna korleis løysinga brukast i smittesporingsarbeidet. Den inneheld også lenker til blant anna opplæringsmateriell, beskrivingar frå FHI og avtalar med andre dokument frå KS.

Aktuelt

Webinar

Det vart gjennomført nokre webinarar for å gje informasjon om FIKS Smittesporing. Informasjon om framtidige arrangement og webinarar på denne sida, samt i kalenderen.

Spørsmål? Ta kontakt med Adrian Sivertsen.

Kontakt

Adrian Sivertsen

Sekretariatet

Telefon: 936 20 620

E-post: adrian.sivertsen@karabin.no