Felles digitale løysingar

Mål

Effektiv innføring av nye nasjonale og regionale løysingar

Vi legg til rette for og koordinerer innføring av nasjonale og felleskommunale digitale løysingar som kan brukast på tvers av kommunegrenser og som bidrar til at offentlege tenester oppfattast samanhengande og einskapleg for brukarane. Erfaringsdeling og samordna innføring av nasjonale løysingar forenklar mottak og reduserer tid og prosjektkostnadar for den enkelte kommune.

Fagnettverka våre identifiserer behov som vi i neste omgang kan greie ut og formidle vidare til KS, som grunnlag for utvikling av nye nasjonale løysingar.