Kompetanse

Mål

Tilstrekkeleg tilgang på kompetanse og kapasitet innanfor digitalisering

Kompetanse handlar om å «vere i stand til». Digi Vestland har etablert ei rekkje nettverk innanfor tenesteområde og fag. Gjennom aktiv deltaking i disse byggjer vi felles kompetanse og sikrar at den enkelte kommune får tilgang til den samla kompetansen regionen har. Dei sentrale byggjesteinane er kunnskap, ferdigheiter, evner og haldningar gjort tilgjengeleg gjennom den sentrale kapasiteten dei 43 kommunane i Vestland representerer.

I tillegg ønskjer vi å nytte felles verktøy, metodar, samhandlingsløysningar og kunnskapsgrunnlag som midlar for å utvikle og kvalitetssikre den samla kompetansen.