Klarspråk 2026 – i ein digital kvardag

Årets nasjonale konferanse om klarspråk finn stad i Bergen 19.–20. mars 2026.

En bildemontasje som viser fem personer som skal holde innlegg under Klarspråk 2026

Her er nokre av innleiarane på Klarspråk 2026. Oppe frå venstre: tekstforfattar Ida Nicoline Glosimot i Vipps (foto: Katrine Lunke), forfattar Olaug Nilssen (foto: Eivind Senneset) og Torunn Reksten, fagansvarleg for klart språk i Språkrådet (foto: Språkrådet). Nede frå venstre: Margunn Rauset, leiar for ordbokmiljøet ved UiB (foto: Frode Ims) og Joachim Tallaksen, NTB Arkitekst (foto: Thomas Brun). 

Klart språk er nøkkelen til gode digitale tenester.

DigiVestland inviterer for tredje gong til konferanse om klarspråk saman med Språkrådet, KS og Bergen kommune.

Klarspråk 2026 er ein nasjonal møteplass for deg som jobbar med innhald i offentlege digitale tenester. Her får du inspirasjon, nyttig hjelp og konkrete tips – anten du er kommunikasjonsrådgjevar, innhaldsdesignar, sakshandsamar eller leiar.

Utdrag frå programmet

  • Døme på godt klarspråksarbeid: høyr om språkkulturen i Vipps, inkluderande og respektfullt språk, korleis klart språk kan gi betre helse, og mykje meir.
  • Klarspråk og kunstig intelligens - frå SEO til AEO: finn ut meir om korleis vi bør skrive for å optimalisere for KI-søk, og kva konsekvensar det får for klart språk.
  • Forfattar Olaug Nilssen fortel om sitt møte med offentleg tenestespråk.

Sjå heile programmet og meld deg på Klarspråk, 19.–20 mars 2026 Lenke til et annet nettsted.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev