19.-20. mars 2026 inviterer KS, DigiVestland, Språkrådet og Bergen kommune for tredje gong til konferanse i Bergen for å løfta klarspråksarbeidet i offentleg sektor.
Klarspråk 2026 er ein nasjonal møteplass for deg som jobbar med innhald i offentlege digitale tenester. Her får du inspirasjon, nyttig hjelp og konkrete tips du kan ta i bruk med ein gong - anten du er kommunikasjonsrådgjevar, innhaldsdesignar, sakshandsamar eller leiar.
"Dyktige og inspirerande forelesarar. Jo meir konkret og kvardagsnært, jo betre. Alt i alt eit glimrande og relevant program!" Deltakar, Klarspråk 2025
Pris etter 1. desember:
* Desse prisane er oppgitt med alle fradrag. På påmeldingssida visast prisane utan subsidiering. Subsidieringa for DigiVestland-kommunanen søkast om i etterkant.
Døme på godt klarspråksarbeid: høyr om språkkulturen i Vipps, inkluderande og respektfullt språk, korleis klart språk kan gi betre helse, og mykje meir.
Klarspråk og kunstig intelligens - frå SEO til AEO: finn ut meir om korleis vi bør skrive for å optimalisere for KI-søk, og kva konsekvensar det får for klart språk.
Nettverksbygging: møt kollegaer som jobbar med klarspråk og digitalisering i kommunar og statlege kontor frå heile landet.
Inspirasjon og praktiske råd: bli inspirert av alle dei gode tiltaka deltakarane deler med kvarandre, ta med deg heim konkrete døme og verktøy du kan bruke i klarspråksarbeidet.
Klarspråk 2026 har som mål å vere nyttig, inspirerande og konkret, og byggjer på innspela frå deltakarane tidlegare år.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev