Noreg skal i 2030 skal vere verdas mest digitaliserte land i følge den nasjonale digitaliseringsstrategien. Samstundes står vi i kommunal sektor i ein krevjande økonomi kombinert med store krav til omstilling for for å kunne tilby gode, bærekraftige tenester til innbyggjarane i framtida. Auka forståing for kva digital transformasjon betyr for kommunane er heilt nødvendig for å lykkast med dette.
Alle sektorar og forvaltningsnivå blir i dag utfordra av digitaliseringa som stadig aukar i omfang, kompleksitet, kostnader og risiko. Kompleksiteten blir ytterlegare forsterka når talet på fellesløysingar aukar, fleire tenester er samanhengande på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Samtidig auka behovet for å strukturera data og bruke kunstig intelligens. Derfor tilbyr DigiVestland eit leiarutviklingsprogram som gjer kommunale toppleiarar betre rusta til å lukkast med digital transformasjon.
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev