Få med heile kommuna: Sjølvstudiepakke og Train the trainer

For kommunar som vil få med heile organisasjonen i arbeidet med digital transformasjon, er sjølvstudiepakka og eit mogleg Train the Trainer-løp viktige verktøy.

Korleis få med heile organisasjonen

Sjølvstudiepakka gir ein praktisk inngang til læring og refleksjon. Train the Trainer er eit mogleg neste steg for kommunar som ønskjer å byggja lokal kapasitet og spreia kompetansen vidare i organisasjonen.

Sjølvstudiepakka

Sjølvstudiepakka er eit digitalt læringsopplegg med korte videoar, refleksjonsoppgåver og døme frå kommunal sektor. Den kan brukast individuelt, i leiargrupper eller som del av lokale kompetanseprosessar.

Målet er å gi kommunane eit felles språk og ein praktisk inngang til digital transformasjon. Pakka skal gjera det lettare å koma i gang – eller koma vidare – med å utvikla digital modnad i eigen organisasjon.

Open kurskatalog - KS Kunnskap Startside - Fiks Kompetent Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Train the Trainer

Train the Trainer er eit opplegg for å gjera eigne ressurspersonar i stand til å bruka sjølvstudiepakka aktivt og fasilitera læring, refleksjon og utvikling lokalt i eigen kommune.

Målet er å:

  • byggja lokal gjennomføringskraft
  • gjera kompetanseløftet skalerbart i heile organisasjonen
  • styrke felles språk, forståing og retning
  • støtte leiarar og medarbeidarar i å omsetta innsikt til praksis

DigiVestland ynskjer å utdanne flest mogleg "trainers" (prosessfasilitatorer eller endringsagentar). Les meir om kurset her: Train the Trainer Lenke til et annet nettsted..

Kven er dette for?

Tilbodet er aktuelt for leiarar, HR, IT/digitalisering og andre som skal bidra til læring og utvikling i eigen kommune.

Slik kan det brukast

Sjølvstudiepakka kan brukast i leiargrupper, workshops, læringsfellesskap og lokale utviklingsløp. Eit mogleg Train the Trainer-løp kan byggja vidare på dette gjennom kurs, arbeid med eigen case, rettleiing og deling av erfaringar.

Nettverk for endringsagentar

Det er òg eit ønske å etablera eit nettverk for endringsagentar. Målet er å gi kommunane ein arena for å dela erfaringar, læra av kvarandre og halda oppe trykket i det vidare arbeidet.

Status

Train the Trainer / endringsagentar er under vurdering som neste steg i satsinga.

Finansiering:

  • Det kostar 12500 pr. Person (blir dekt av ou midlar og avsette DV midlar)
  • Kurset går over to dagar i Bergen
  • Deltakarar dekkjer reise og opphald sjølv
  • Kursavgift blir dekt av ou midlar og DV midlar

Påmelding

Det er sett av minimum ein plass pr. Kommune/ byrådsavdeling i Bergen. Plassar som ikkje blir nytta blir fordelte etter først til mølla prinsippet. Les meir og meld interesse her.

 

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev