Kommunane står i ei tid med stram økonomi, høge forventingar og aukande kompleksitet, og behovet for felles retning og sterkare leiarstøtte har aldri vore større. Etter ein svært vellukka første runde av Kompetanseløft i digital transformasjon, opnar DigiVestland no for pulje 2 med oppstart våren 2026.
Programmet gir toppleiargrupper, nøkkelroller og hovudtillitsvalde eit felles språk, betre gjennomføringsevne og praktiske verktøy for å leie digital omstilling i eigen organisasjon.
Deltakarane frå første pulje beskriver opplegget som overraskande praktisk, samlande og avgjerande for å gi tydeleg retning i endringsarbeidet. Prosjekteigar Ole-Jørgen Jondahl seier det slik: «Målet er å styrkje leiinga si evne til å utvikle verksemdene når kompleksiteten i digitalisering aukar.»
Ein viktig gevinst er nettverket som blir bygd mellom kommunane, i tillegg til utdanning av endringsagentar og prosessfasilitatorar som støttar opp under leiinga sitt arbeid vidare i organisasjonen.
Neste pulje startar i februar/mars 2026 og inkluderer ein sjølvstudiepakke og to lunsj-til-lunsj-samlingar i Bergensområdet. Programmet er finansiert av DigiVestland og KS sine OU-midlar, med ein eigenandel på kr 4 500 utan overnatting og ca. kr 7 500 med overnatting.
Dette er ei unik moglegheit for kommunar som ønskjer å styrkje leiing og kapasitet i digitaliseringsarbeidet – og stå betre rusta for framtida.
Meld på her: Påmeldingsside Kompetanseløft digital transformasjon – Våren 2026 - DigiVestland Lenke til et annet nettsted.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev