• Aktuelt

Påmelding til grunnkurs i Copilot og generativ KI

Oversikt over kursdatoar

Kunstig intelligens (KI) er i ferd med å bli ein naturleg del av arbeidskvardagen i kommunal sektor. Difor inviterar vi no kommunalt tilsette i alle DigiVestland-kommunene til Grunnkurs i Copilot og generativ KI – første steg mot å meistra samhandling med din digitale assistent!

I kurset lærer du om ansvarleg og sikker bruk av KI i offentlig sektor, teknikker for å skrive effektive prompter og få bedre svar og korleis du kritisk vurderer KI-svar for å unngå feil og misforståingar. Kurset er tilrettelagt for Copilot på web – det vil seia den versjonen av Copilot alle har tilgang til: Copilot på web Lenke til et annet nettsted.

Vi har satt opp ulike tidspunkter du kan velje mellom. Diginettverka rullerar på kven som held kurset, men innhaldet er det same og du får kunnskapen og kursbevis uavhengig av kva kurs du er med på. Sjå påmeldings-lenkene lengre ned.

Om kursa

"Eg har nå vore på grunnkurs i KI/Copilot gjennom Digi Innlandet. Det var eit veeeldig bra kurs, og verkeleg nyttig. Dei utfordra oss mellom anna mtp å utvikla gode prompter og å vera kritiske. «Dei sju byggjesteinane» var eit praktisk, lettfatteleg verktøy – som alle burde kunna. Og vi fekk ei tydeleg påminning om at det er alltid vi sjølv som er redaktøren av eiga tekst. Dette kurset burde vera obligatorisk for alle i organisasjonen."

Dette er ein av mange gode tilbakemeldingar på kurset

  • Målgruppe: Alle tilsette uavhengig av stillingstittel. Generativ KI er for alle så no kan leiarar og medarbeidarar delta på same kurs.
  • Pris: Gjennom digitnettverka får du dette kurset gratis
  • Format: Interaktiv kurs på Teams med praktiske øvelser, eksemplar frå kommunal sektor og moglegheit til å teste KI-verktøy "på direkten".
  • Ingen forkunnskaper krevst: Kurset er tilpassa alle, og du får med deg alt du treng for å koma i gang.
  • Kursressurser: Eit læringshefte og eit øvingshefte til nedlasting finn dykk nedst på denne sida.

Påmelding

Velg det tidspunktet som passer for deg, meld deg på og så får du lenka rett inn i kalenderen din.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev