Kvam herad: Trygg digitalisering gjennom samarbeid og struktur

Kvar månad løftar vi fram gode døme frå digitaliseringsarbeid i medlemskommunane. Her deler vi inspirerande historier, smarte løysingar og tips frå kommunane. Månadens kommune for oktober er Kvam herad.

Kvam herad har lenge hatt digitalisering høgt på dagsordenen. Ikkje som eit mål i seg sjølv, men som eit verktøy for å sikra gode og trygge tenester til innbyggjarana. Gjennom godt planarbeid, samarbeid på tvers av fagområda og ein bevisst bruk av fellesløysingar, har kommunen markert seg som ein digital pådrivar og aktiv deltakar i DigiVestland-samarbeidet.

Systematisk arbeid med planverk og beredskap

Kvam har over tid utvikla eit styringssystem tilpassa både lokale behov og nasjonale føringar for informasjonssikkerheit. Rammeverket frå KINS Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. har vore eit viktig utgangspunkt, men kommunen har gjort eigne tilpassingar for å sikra at det fungerer i praksis. I tillegg har kommunen vore tidleg ute med å prioritera øving innan IT og beredskap. Dette har resultert i både betra drift og betra evne til å handtera uventa hendingar.

Ein viktig del av dette arbeidet er den tverrfaglege gruppa DigiTrygg som er etablert internt i kommunen. Gruppa jobbar med trygg digitalisering og har jamlege møte. Det blir jobba med å endra mandat for denne gruppa, slik at dei får meir fokus på kontroll og oversikt over behova og ynskjer til einingane i kommunen.

Fellesløysingar gir gevinstar

Kvam ser på fellesløysingar som lavt hengande frukt. Og har, når det høver organisasjon og fagsystem, teke dei i bruk. Kommunen har mellom anna teke i bruk:

  • Kjernejournal
  • Digihelse og Digihelsestasjon
  • DigiSOS
  • SvarUt/SvarInn
  • Min kommune
  • SFM (under oppstart)

Desse løysingane har gitt konkrete gevinstar, både i form av betra sakshandsaming og høgare kvalitet på data.

Tett samarbeid med nabokommunane

Kvam har i snart ti år samarbeidd med Ulvik og Eidfjord om drift av felles infrastruktur. Kommunane delar serverpark, drift av maskinpark og tryggleiksløysingar, inkludert bruk av smartkort for tilgangsstyring. Dette har gjort det mogleg å slå av passord for dei fleste brukarane, noko som både aukar tryggleiken og forenklar kvardagen.

I tillegg samarbeider Kvam med Voss og Sogndal om prosjekt innan sikring av endeutstyr og serverpark, og dessutan kunnskaps- og informasjonsdeling. Målet er å få mest mogleg like løysingar slik at kommunane kan dela ressursar og kompetanse på tvers.

Aktiv deltaking i faggrupper

Kvam er ein aktiv aktør i DigiVestland-samarbeidet. Kommunen er med og driv faggruppa for Plan, bygg og geodata, og representerer DigiVestland i det nasjonale fag- og prioriteringsutvalet på feltet. Kommunen deltek også aktivt i e-helseprosjekt der det er mogleg, som til dømes digital dobbeltkontroll.

Verktøy for sikkerheit og oversikt

Etter hendinga i Østre Toten har Kvam sett behovet for betra verktøy for krisehandtering. Kommunen har teke i bruk Rayvn som plattform for logging og kommunikasjon ved hendingar. Rayvn gjer det mogleg å samhandla og dela informasjon på ein trygg måte dersom eigne system skulle vere utilgjengelege.

I tillegg har kommunen tilpassa KINS-rammeverket for å sikra samsvar med GDPR, NIS2 og NSM sine grunnprinsipp. Det er laga eigne dokument og rettleiingar som gjer det enklare for tilsetta å forstå og bruka retningslinene i praksis, samtidig som kommunen har laga eit oversiktsdokument som viser kven som bør lesa kva.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev