• Aktuelt

Askøy viser veg i digitalisering og samarbeid

Digitalisering handlar om å skape betre tenester for innbyggjarane og ein enklare kvardag for dei tilsette. Askøy kommune har dei siste åra vist at dei tek dette på alvor, og har etablert gode prosessar som gjer digitalisering til ein naturleg del av utviklingsarbeidet. Vi har tatt en prat med Andreas Persson, IT-leiar i Askøy kommune.

-For oss er digitalisering ikkje nødvendigvis store omfattande prosjekt, men òg om å hente ut verdi frå investeringar vi allereie har gjort. Det kan være så enkelt som å bruke M365 verktøyene etter beste praksis, skyadopsjon og liknande. På IT tilbyr vi no korte økter på rundt 30 minutt der vi hjelper folk å ta i bruk smidig funksjonalitet, til dømes mellom Outlook og To-do.

- For å stimulere til utprøving og læring med KI, tilbyr vi tilsvarande opplegg for å setje opp enkle KI-assistentar i Copilot Studio. Berre det å gi ein kunnskapsbase med rutinar, feilsøking og dokument som avdelinga allereie har i ein Teams-kanal, opplevast som eit stort steg opp frå å bruke Copilot-chat.

-Vi har sjølvsagt òg større digitaliseringsinitiativ. Askøy har lenge jobba strukturert med e-helse, og har mange tiltak på gang. Eit aktuelt døme er elektronisk medisindispenser, som no får god fart. Det er òg gjort mykje godt arbeid med prosjektet digital heimeoppfølging, seier Persson.

Frå idé til prosjekt – med openheit og struktur

Askøy har tatt ned barriere for å melda inn idear og forslag til digitaliseringstiltak, og hjelper kvar sektor med å modna ideane til konkrete prosjektkandidatar. Desse blir deretter handterte i "digitaliseringsråd" med medlemer på tvers i staben og prosjekta føljes løypande opp i kommunens prosjektmetodikk.


– Vi har funne ein god balanse mellom nødvendig forarbeid og det å ikkje overarbeide initiativ før dei blir beslutta. Det er naturlegvis sånn at det finst forbetringar å henta mange stader, særleg det å bli endå flinkare på å definera og følgja opp gevinstrealisering frå kvart einskilde prosjekt, men vi kjenner vi har eit veldig godt utgangspunkt med ein modell som sikrar transparens og oversikt, seier Persson.

I haust har Askøy også fått på plass ein systemportefølje med hjelp av verktøyet Ardoq. Oversikta er eit viktig grunnlag for styring og gevinstrealisering, ettersom det gir kommunen kontroll over system, bruksområde, evalueringar frå brukarar og ikkje minst kostnader.

KI-troppen – eit dristig steg framover

Etter å ha eksperimentert med kunstig intelligens i liten skala, etablerte Askøy i sommar KI-troppen, ei tverrfagleg gruppe som jobbar med å utvikle skreddarsydde KI-løysingar i Microsoft-plattforma (CoPilot studio, Azure AI foundry). Gruppa inkluderer personvern, HR, IT, arkitektur og kommunikasjon, og har allereie levert praktiske verktøy som IT-assistenten «Chris Willysson» og personalhandbok-spesialisten «HR-hjelparen» – begge tilgjengelege for alle tilsette i Teams.

Les meir om kordan kommuna jobbar med tiltak for å auke bruken av KI i eksisterende verktøy som f.eks «Chris Willysson» i Perssons LinkedIn-post Lenke til et annet nettsted..

Artikkelen fortsetter under bildet

Nasjonale løysingar og deling av data

Askøy har ein klar strategi: Framover skal nasjonale fellesløysingar vere hovudregelen. Kommunen ser fram til å ta i bruk KS Kunnskap og ser på revitalisering av «Min kommune». Dei vurderar no Forms+ som ein god kandidat til å erstatte dagens skjemaløysingar. Kommuna har også etablert eit eige data- og analyseforum der sentral datadelingsplattform blir høyst relevant.

Samarbeid som gir verdi

Askøy samarbeider aktivt med andre DigiVestland-kommunar. Tidlegare har dei hatt ein arena med Bjørnafjorden og Øygarden for bruk av Ardoq, og i 2025 har dei gått saman med Øygarden om eit prosjekt mot digitalt utanforskap.
– Digitalt utenforskap er eit initiativ som køyrer på. Vi har faste dagar på biblioteket der innbyggjarar kan få hjelp til digitale verktøy Lenke til et annet nettsted., og vi tilbyr reservasjon av tid for dei som treng ekstra støtte, fortel Persson.

Aktiv deltaking i faggrupper og nasjonale prosjekt

Askøy er ei kommune som ønsker å dele kunnskap m.a. som faste deltakarar i nettverket for digitalt planregister. I faggruppe oppvekst har Askøy vore med som rettleiar i rettleiartenesten for personvern og informasjonssikkerheit i oppvekstsektoren, som DigiVestland har køyrt tre rundar av. Dei har også bidrege inn i KS-prosjektet Felles kommunal arkitektur, og samarbeider med Øygarden og Alver om velferdsteknologi. I tillegg har Askøy teke leiinga i første runde av arbeidet med digital beredskap saman med «kompiskommunane» Øygarden og Bergen.

Tips til andre kommunar

Askøy peikar på CoPilot Studio som eit svært enkelt og nyttig hyllevareverktøy for å lage eigne KI-assistentar. –Til dømes kan han løfta den opplevde nytta av ein Copilot-chat frå 60 til 90%, utan særleg mykje innsats. Med ein styrt kunnskapsbase kan ein avdeling raskt få god kontroll på for eksempel interne rutiner, avsluttar Persson.

Noko av denne teksten bearbeida med hjelp av Copilot (KI-verktøy). Innhaldet er kvalitetssikra av redaksjonen i DigiVestland.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev