Innføringa av Pasientens legemiddelliste (PLL) er godt i gang i regionen, og ein høyrer mykje om dette temaet. Men kva er det eigentleg, og kvifor er det så viktig?
Helsedirektoratet definerer Pasientens legemiddelliste (PLL) som ei samla og oppdatert oversikt over relevante opplysingar om legemiddelbehandlinga av pasienten. Denne oversikta er tilgjengeleg på tvers av helsetenesta, og pasienten har tilgang til ein digital versjon på Helsenoreg.
I dag må helsepersonell henta informasjon om legemiddelbruken til pasienten frå ulike kjelder. Dette er tidkrevjande, og informasjonen kan vera utdatert eller mangelfull. Slike manglar kan føra til alvorlege konsekvensar som feilbehandling og unødvendige innleggingar.
PLL har som hovudmål å auka pasienttryggleiken ved å forhindra feilmedisinering og feilbehandling. Ei samla oversikt gir helsepersonell tilgang til nødvendig og oppdatert informasjon om legemidla til pasienten, same kor i helsetenesta dei er.
Ved å bruka PLL kan helsepersonell spara tid, då dei slepp å leita etter rett informasjon. Ei oppdatert oversikt sikrar òg betre samhandling og arbeidsflyt mellom fastlegar, sjukeheimar, heimetenesta og sjukehus.
Du finn samla informasjon om PLL på Helsedirektoratets nettsider Lenke til et annet nettsted..
Kontakt PLL vest: pll@pllvest.info
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev