Endeleg er sjukehuset kopla på PLL – slik endrar det kvardagen for fastlegane

21. oktober fekk legane i Helse Bergen ta i bruk DIPS medikasjon. Gjennom DIPS får alle sjukehuslegar tilgang til Pasientens legemiddelliste (PLL) dersom ein pasient har ein aktiv PLL.

I samband med at Helse Bergen har tatt i bruk DIPS medikasjon har innføringsprosjektet i kommunen intervjua lege Ruth Johnsrud som jobbar ved legekontor i Bergen. Ho gler seg veldig over utviklinga og at sjukehuskollegaene no har fått svært god systemstøtte til legemiddelforskriving.

«Når sjukehuslegane ikkje har kunna sjå PLL i systemet sitt har dei ikkje kunna oppdatera lista, det kan dei med DIPS Medikasjon. Dette betyr at pasientane kan få oppdatert legemiddellista av sjukehuskollegaer som endrar behandlinga i samband med sjukehusbesøk. For fastlegane betyr dette at me får fleire oppdaterte lister tilbake. Det betyr mindre manuelt arbeid, auka pasienttryggleik og betre samhandling.»

Hva er PLL?

Pasientens legemiddelliste (PLL) er en felles, oppdatert oversikt over legemidlene pasienten faktisk bruker, slik det er avtalt mellom lege og pasient. Målet er tryggere legemiddelbehandling og mer effektive arbeidsprosesser, særlig ved overganger mellom behandlingssteder og ved bytte av omsorgsnivåer (Helsedirektoratet, 2025).

Gevinster

  • Bedre pasientsikkerhet: Mindre risiko for feilmedisinering.
  • Mindre manuelt arbeid: Oppdaterte lister tilgjengelig umiddelbart.
  • Bedre samhandling: Fastleger og sykehus jobber på samme plattform.

Rolla til pasienten i legemiddellista

Ifølgje Johnsrud er det viktig at også pasientane har ei forståing av at det som står i legemiddellista deira stemmer med dei medisinane dei bruker. Derfor er det viktig at pasientane blir involverte i kvalitetssikring av legemiddellista.

«Når me no arbeider med felles og oppdatert legemiddelliste hos aktørane i helsevesenet, er medverknaden til pasientane heilt sentral. Dei kan sjå lista si i Helsenoreg og kan følgja med på at dei bruker medisinar som er føreskrivne - og dei bør gi beskjed til legen dersom det er noko som ikkje stemmer»

Johnsrud understrekar at ei korrekt legemiddelliste føreset at klinikaren innhentar informasjon frå pasienten. Pasienten må fortelja kva legemiddel dei faktisk bruker, inkludert reseptfrie midlar og kosttilskot, for at lista skal bli korrekt og behandlinga trygg.

«Strukturerte samtalar om legemiddelbruken til pasienten gir oss både ei meir nøyaktig liste og betre forståing av korleis pasienten sjølv oppfattar behandlinga si. Legar og anna helsepersonell må derfor aktivt prioritera arbeidet med PLL. Dette blir eit stort løft for pasienttryggleiken»

Antall innsendte

Figuren synar aukning i sjukehusinnsendte PLL.

Ruth Johnsrud

Vegen vidare for kommunen

Når det gjeld vidare innføring i kommunen er Johnsrud oppteken av at alle ledd som har med legemiddelbehandling å gjera får støtte for PLL i systema som blir brukte. Her er det eit stort arbeid som må gjerast og god systemstøtte er avgjerande.

«No som sjukehuslegane kan oppdatera Pasientens legemiddelliste har me komme eit steg nærare visjonen om at heile helsetenesta er kopla på. Kommunane har dessverre ofte gamle og utdaterte journalsystem. Det er på høg tid at dei som står nærast pasientane får betre støtte i arbeidet med legemiddel.»

PLL gir oss auka tryggleik. Når sjukehuset no har fått systemstøtte i DIPS Medikasjon, betyr det at me kan samhandla med sjukehuset om å sikra kvaliteten i legemiddelbehandling. Det betyr færre feil og betre pasienttryggleik, avsluttar Johnsrud.

Opplæring

Ta kontakt med PLL-Vest prosjektet

Fornying av avtale

Avtalen med Helsedirektoratet for kompensasjon ved oppretting av PLL utløper 31.12.2025 og må fornyes. Denne kan fornyast i dette skjemaet Lenke til et annet nettsted..

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev