Infodoc har sidan utprøvinga i Bergensområdet sendt inn PLL-takst (Uppls) automatisk ved oppretting av den første PLL-en. Dette har ikkje vore synleg på rekneskapskortet, men kjem fram på Helfo-oppgjeret og i Infodoc-rapporten. Informasjon om autotakst er gitt i opplæringa, men enkelte fastlegar har gløymt det eller ikkje fått det med seg. Dermed har dei òg registrert taksten manuelt i rekneskapskortet og sendt PLL-takst to gonger per pasient utan å vere klar over det. Denne moglegheita for manuell registrering er no fjerna.
Infodoc arbeider med å avklare omfanget og samarbeider med Helfo om korleis dette skal handterast for dei det gjeld. Vidare informasjon om eventuell oppfølging av historikken vil kome frå Infodoc.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev