Slik kan du rigge kommuna di for å ta i mot PLL

Å starta samhandling om legemiddellista til pasienten føreset førebuingar som teknisk tilrettelegging, tilpassing av arbeidsprosessar og opplæring. Her er ein enkel stegvis gjennomgang.

Førebuingar for innføring av PLL

1. Kvalitet på legemiddellista

Rett bruk av e-resept Lenke til et annet nettsted. er avgjerande for å sikra kvaliteten på legemiddellista til pasienten og redusera risikoen for feil.

  1. Rydd legemiddellistene - 
    1. hent oppdaterte legemiddelopplysingar 
    2. sikre rett utfylling av ordinasjonar og resepter
    3. sjekk at legemiddellista stemmer overens med det pasienten faktisk brukar
  2. Kall tilbake legemiddel som pasienten ikkje skal bruka
  3. Vurder interaksjonar med andre legemiddel og ved bruk av andre type naturpreparat
  4. Fjern doble oppføringar som ikkje har medisinsk indikasjon
  5. Signer og send oppdateringane til reseptformidlaren

2. Overgang frå papir til elektronisk multidose

Elektronisk rekvirering av multidose reduserer risikoen for feil og avvik i legemiddellistene.

  1. Ta i bruk e-multidose
    1. Husk å koordiner oppstart med apotek via Norsk helsenett.
    2. Husk at fastlege, multidoseansvarleg apotek og heimetenesta i kommunen må alle tilpassa arbeidsprosessane til elektronisk multidose.

3. Få tilgang til PLL frå journalleverandør

Helsepersonell får tilgang til oppdatert legemiddelliste gjennom journalløysingar som støttar PLL.

Journalleverandør kan etablera støtte for PLL på tre måtar:

  1. Integrera løysinga si med sentral forskrivingsmodul (SFM)
  2. Nytta seg av SFM API og utvikla brukargrensesnitt sjølv
  3. Utvikle PLL-funksjonaliteten sjølv

4. Pålogging med HelseID

HelseID gir sikker pålogging til nasjonale e-helseløysingar og sikrar autentisering av helsepersonell.

  1. Bli medlem Lenke til et annet nettsted.
  2. Bestill tenester Lenke til et annet nettsted.
  3. Ta i bruk tenestene
    1. Høyr med systemleverandøren din om dei brukar multi-tenant.
      1. Hvis dei brukar multi-tenant, gå hit for å gje systemleverandøren tilgang til å representere di verksemd Lenke til et annet nettsted..
      2. Hvis dei ikkje brukar multi-tenant, logg inn i Sjølvbetening og følg rettleiing der Lenke til et annet nettsted..

5. Ta i bruk kjernejournal

Kjernejournal gir helsepersonell tilgang til oppdatert legemiddelinformasjon og andre sentrale pasientopplysningar.

Les meir om gevinstane med Kjernejournal, kva som må vera på plass og kva det kostar å ta det i bruk på vår eiga side om løysinga Lenke til et annet nettsted..

 

For ei meir detaljert innføring, sjå Helsedirektoratet sine sider Lenke til et annet nettsted..

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev