Legg grunnlaget for framtidas digitale heimeoppfølging

Prosjektet Samhandlingsmodell digital heimeoppfølging (SDHO) har gjennomført ei konseptutreiing som utforskar ulike modellar for korleis kommunar, fastlegar og sjukehus kan samarbeide om oppfølging av innbyggjarar i eigen heim. Arbeidet skal bidra til vidare diskusjonar og gi eit grunnlag for framtidige val i prosjektet

– Målet med konseptutreiinga har vore å utforske korleis vi kan skape meir samanhengande og likeverdige tenester for pasientane, samtidig som vi legg til rette for betre bruk av kompetanse og ressursar på tvers av kommunar og spesialisthelsetenester, seier prosjektleiar Jan Frode Saasen.

Ei utfordring som krev nye løysingar

Helse- og omsorgstenestene står overfor store utfordringar dei kommande åra. Fleire eldre, fleire menneske med kroniske sjukdommar og aukande mangel på helsepersonell gjer at tenestene må utviklast på nye måtar.

Digital heimeoppfølging er ikkje nytt. Fleire kommunar og helseføretak nyttar allereie ulike former for digital heimeoppfølging for ulike pasientgrupper. Erfaringane viser at digital heimeoppfølging kan bidra til meir målretta helsehjelp, auka meistring og betre ressursutnytting.

Har utforska ulike modeller for samarbeid

SDHO har utforska korleis kommunar, fastlegar og sjukehus kan samarbeide om digital heimeoppfølging. Betre samordning av pasientforløp, arbeidsprosessar og informasjonsflyt kan bidra til å styrkje gevinstane for både pasientane og helsetenestene, og gi meir samanhengande og likeverdige pasientforløp.

Prosjektet har vurdert fleire alternative modellar for samordna digital heimeoppfølging. Modellane spenner frå lokale løysingar med felles standardar, via regionale samarbeidsmodellar, til meir samla regionale eller nasjonale tenester. Dei ulike modellane har ulike styrkar og utfordringar.

Vil sikre berekraftige og likeverdige tenester

Sluttrapporten frå prosjektet blei presentert på møtet til styringsgruppa 28. august 2026.

Prosjekteigar Kristin Terkelsen Brekke frå Bergen kommune og resten av styringsgruppa uttrykte stor tilfredsheit med rapporten.

– Prosjektgruppa har gjort eit særs grundig arbeid, og rapporten gir eit svært godt grunnlag for det vidare arbeidet. Oppfølging av helsetilstanden over tid ved hjelp av teknologi i heimen er viktig for å kunne møte framtidige behov og sikre berekraftige og likeverdige helsetenester for innbyggjarane. Samstundes må vi organisere oss på ein måte som skaper verdi for både kommunane, helseføretaka og ikkje minst innbyggjarane som får helsehjelp. No vil vi ta ein fot i bakken før vi stakar ut vegen vidare, seier Brekke.

Om prosjektet

Prosjektgruppa for Samhandlingsmodell digital heimeoppfølging har deltakarar frå Helse Vest RHF, Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sykehus og kommunar i Helsefellesskapet i Bergensområdet. Jan Frode Saasen frå Sopra Steria er prosjektleiar på vegner av Bergen kommune, som er prosjekteigar. Prosjektet er støtta gjennom Helseteknologiordninga og rekrutterings- og samhandlingstilskot.

Les meir om prosjektet her. Lenke til et annet nettsted.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev