Det første var leverandørkjedeangrepet mot SolarWinds som fekk store konsekvensar i USA. Det andre var utnytting av nulldagssårbarheiter i Microsoft Exchange e-post serverar som vart utnytta på Stortinget, der over 4000 e-postar hamna på avvegar. 

Korleis vart USA og Noreg påverka av dei to cyberoperasjonane? Korleis vart operasjonane oppdaga, og kva tiltak vart sett i verk? Kva kan me læra frå hendingshandteringa i USA og i Noreg? Foredraget er basert på eit kapittel i fagboka Cybermakt, som vart gitt ut på Universitetsforlaget i mai, 2024.

Foredragshaldar: Simen Bakke, Senior informasjonstryggleiksrådgivar frå Politiets IT-eining

Målgruppe: Alle

Lenkje til webinaret