Frå hausten 2025 har DigiVestland gått inn i ein ny avtaleperiode med 15 kommunar i Vestland fylke.
Den nye avtala byggjer vidare på samarbeidet frå førre avtaleperiode, som avslutta 31. desember 2024. Bergen kommune held fram som vertskommune for DigiVestland. Her kan du lese den nye avtala pdf, 530.3 kB..
Målet for faggruppe oppvekst er å føra vidare dei etablerte strukturane og samarbeidsarenaene frå tidlegare. Samstundes ønskjer vi å leggja til rette for nye arenaer, basert på innspel og behov frå medlemskommunane.
Sekretariatet vil invitera kommunane til eit felles oppstartsmøte for faggruppa. Føremålet med møtet er å starte opp arbeidet i gruppa med utgangspunkt i prioriteringane og behova til medlemskommunane.
Før sommaren vart det gjennomført ei kartlegging av kva område i digitaliseringsstrategien for oppvekstsektoren kommunane meiner bør prioriterast. Resultata frå denne kartlegginga gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet i faggruppa, og vil bli drøftet under oppstartsmøtet.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev