Heim
DigiVestland er eit digitaliseringssamarbeid mellom 40 kommunar i Vestland Fylke. Bergen kommune er vertskommune og har ansvar for å drifte sekretariatet.
Sekretariatet samarbeidar tett med eksterne og interne samarbeidspartar som andre diginettverk, KS og ulike statlege organ, samt styringsgruppa i DigiVestland og Digitaliseringsutvalet Vestland.
Ope månadleg møte om digitalisering i oppvekstsektoren
Kvar første fredag i månaden arrangerer DigiVestland oppvekst eit ope møte om digitalisering i oppvekstsektoren. Her blir det informert om kva som rører seg regionalt og nasjonalt og ein diskuterer aktuelle problemstillingar. Dette er også ein god arena for å få eit innblikk i kva tenester DigiVestland tilbyr kommunane på oppvekstfeltet, som mellom anna regional rettleiarteneste i personvern og informasjonssikkerheit for skuleeigarar.
Neste møte er fredag 1. desember.
Nye Roller
Andreas Sigvaldsen blir mellombels koordinator i faggruppa for plan, bygg og geodata, samt for nettverk for Digitalt planregister, medan Malin Marøy har vorte koordinator for faggruppe for oppvekst. Begge i påvente av ei meir varig løysing.
Har du ei tilbakemelding eller ein idé du brennar inne med? Ta kontakt med kven som helst av oss!
Jobbar du i spenningsfeltet mellom kommunikasjon og digitalisering?
Dette er konferansen for deg som leier eller deltek i utvikling av digitale tenester, eller formidlar bodskap til innbyggjarar, tilsette eller politikarar. Konferansen gjev deg siste nytt frå klarspråkarbeidet og presenterer relevante eksempel vi alle kan lære noko frå.
Kommunar jobbar saman for felles fagsystem i barnevernet
Ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå 16 Digivestland-kommunar jobbar med felles kravspesifikasjon for nytt fagsystem innan barnevern. Dei prøver å finna ut kor mange av kommunane som ønskjer ein felles innkjøpsprosess, og kva kommune som kan vera vertskommune for dette.
Status for Felles journalløft
Stortingsmeldinga "Én innbygger, én journal" frå 2012 har endeleg byrja å manifestera seg i konkrete resultat. Det ligg no føre konkrete tilrådingar og rammar for innkjøp av journalsystem. Det er heilt avgjerande at kommunane tek med seg dei tilrådingane og skaper ei unison stemme mot marknaden som driv fram den endringa som offentleg sektor er avhengig av innan e-helse.
Fleire legekontor i Vestland har teke i bruk e-multidose
I Askøy kommune har alle legekontor teke i bruk e-multidose, og fleire kommunar kjem etter. Med e-multidose vil oversikta over legemidla hos pasienten vera tilgjengeleg digitalt for behandlande legar og andre rekvirentar. E-multidose kan vera tilgjengeleg for legekontor i di kommune òg.
Du finn fleire nyhetssakar og nyhetsarkiv under Aktuelt.