Kva kan «KI» gje oss som organisasjon? Kan det freista med ein personleg assistent innebygd i programvaren som gjer meg superproduktiv? Dette var spørsmål som låg til grunn arebeidsvekstad om KI i Øygarden kommune 23. oktober 2024.
Microsoft Copilot er eit av produkta som kommunen vurderer bruk av i framtida, og fekk difor ein presentasjon av dette frå føretaket Crayon.
Copilot er eit verktøy som vil kunne lette byggesakshandsamaren sin kvardag. Systemet gjer at ein kan gjere spørringar direkte i det programmet ein sitt i, slik at ein slepp å bytte vindauge for å gjere manuelle søk. Til dømes om ein skriv vedtak i word, kan copilot hjelpe deg med å finne ein heimel i plan. Og bygningslova, utan at du lyt over i nettlesar og søke opp lova».
Crayon er leverandør av programvare og skyløysingar til Øygarden, inkludert programvaren frå Microsoft. Prosjektleiar i Crayon, Gisle Erichsen, uttalte at han hadde vore hjå over 100 offentlege kundar dei siste 2 åra, og Øygarden var topp 3 når det gjeld modenhet og kunnskap om området.
Vi vil arbeide vidare med bruk av KI i organisasjonen utover i 2025.

Tekst og bilete: Kenneth Sangolt (Øygarden kommune)
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev