KS har, saman med Oslo kommune og kommunane i Inn-Trøndelag, pilotert ein modell for bruksbasert betaling av digitale læringsressursar (BRUK). No blir fleire kommunar inviterte til å delta i neste fase av piloteringa.
Bruksbaserte betalingsmodellar skal gjera det mogleg for lærarar og elevar å få meir tilpassa og dynamisk tilgang og bruk av læringsressursar og læremiddel. Samtidig skal krav til personvern, universell utforming og anskaffingar blir varetekne på ein tilfredsstillande måte.
KS søkjer no fleire pilotkommunar for å få mest mogleg erfaring med korleis modellen kan tilpassast best mogleg til kommunar av ulik storleik, og som har ulike erfaringar med vurdering og bruk av digitale læremiddel.
Dersom kommunen din ønskjer å melda interesse for å delta i piloteringa kan de fylla ut dette skjemaet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Det er ønskjeleg at kommunar melder interesse for deltaking innan 6. januar.
Det blir planlagt eit oppstartsmøte for interesserte kommunar torsdag 9. januar kl. 9-11.
Frist for å søkja om å få delta er 27. januar.
Her finn du meir informasjon om prosjektet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev