Oppdraget går ut på å kartleggja og prioritera framtidige arbeidsområde for faggruppe oppvekst i DigiVestland. Ønskjer nokon frå kommunen din å bidra? Les meir om oppdraget under og gi oss tilbakemelding innan 17.januar.
Oppvekstsektoren fekk i 2023 nasjonal Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole for perioden 2023-2030. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Det har vore informert om strategien til kommunane, men vi ser at det i tillegg trengst dialog om kva ansvarsområde faggruppa skal prioritera på vegne av medlemskommunane.
DigiVestland ønskjer derfor å gå gjennom strategien på nytt og avdekkja kva kommunane i Vestland har behov for at DigiVestland skal prioritera vidare. Til dette arbeidet ønskjer vi å engasjera to rådgivarar frå oppvekstområdet i kommunar i DigiVestland.
DigiVestland oppvekst søkjer to rådgivarar frå kommunane som kan utvikla og gjennomføra ein prosess som skal sikra representativitet og innverknad frå kommunane i det vidare arbeidet i faggruppa.
Dette inneber følgjande:
Engasjementet har eit omfang på éin dag i veka over ein periode på to månader. Dette kan eventuelt utvidast ved behov. Rådgivarane blir frikjøpte frå eigen kommune etter gjeldande satsar. Rådgivarane jobbar saman i eit team og vil samarbeida tett med sekretariatet i DigiVestland. Arbeidet går føre seg digitalt. Oppstart vil vera rundt mars 2025. Avslutning seinast mai 2025.
Ønsker din kommune å bidra med ressurser inn i dette arbeidet? Gi tilbakemelding til Ole Ekroll (Ole.Ekroll@bergen.kommune.no Åpnes i nytt vindu.) innen 17.januar. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål.
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev